Sandnes Ulf er i sportsleg krise og går ein tøff haust i møte. Laget blei rundspelt mot Brann i Bergen i helga, og etter snart halvspelt serie ligg laget heilt sist på tabellen.
- Sjå tabellen her
- Les òg:
– Me er klar over situasjonen og er langt frå nøgde. Samstundes er det lita hjelp i å grava oss ned og laga det meir dystert enn det er, seier Asle Andersen under dagens trening.
Vil ha meir råskap
Men mot Brann i Bergen i helga var det dystert. Ein gedigen keepertabbe, seks mål imot og eit av dei mest audmjukande tapa i Sandnes Ulf si korte eliteseriehistorie. Fasiten så langt er 10 fattige poeng, og jumboplass på tabellen.
– Me har ikkje vore gode nok i forsvarsspelet vårt. Me må stenga att bakover, seier Andersen.
Nå vil han finna fram råskapen framføre begge boksane.
– Me må vera direkte og kyniske, slår han fast.
Vil ha offensiv forsterking
Trass tabellposisjonen, trenaren er trygg på at han er rett mann til å leia laget ut av den sportslege krisa.
Og medan rykta går om at Tommy Høiland er på veg til Molde står offensive forsterkningar øvst på ønskelista til Asle Andersen.
- Les òg:
– Me har augo oppe, og eg håper at me har ressursar til å sjå på forsterkingar dersom moglegheita skulle dukka opp.
Kaptein, Aksel Berget Skjølsvik, meiner at troppen, slik den er, skal vera god nok til å snu den negative trenden.
– Eg meiner det er nok moral i dei som er her. Me føler me har hatt litt lite flyt, men på vårt beste tar me motstandarane. Nå er det viktig at me vaknar opp og byrjar å ta poeng.
– Speler Sandnes Ulf i eliteserien neste år?
– Ja, slår kapteinen fast.