Hopp til innhold

Ber Bryne-supportarane om å stille opp

For første gong på 44 år kan Bryne FK rykke ned til 2. divisjon. Bryne-veteran Gabriel Høyland ber fansen stille opp på skjebnekampen i dag.

Bryne FK, B-gjengen

Bryne sin supportergjeng, B-gjengen, på ein annan kamp. Gabriel Høyland håpar mange møter opp på Bryne Stadion i dag.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Publikum kan bli avgjerande for denne kampen, seier Bryne-veteran, Gabriel Høyland.

– Viss spelarane kjem ut på bana og ser at det nesten ikkje er folk, at folk ikkje bryr seg, så blir det deretter. Viss det derimot er mykje folk, vil det vera ein veldig inspirasjon.

Høyland var ballgut den gongen Bryne rykka opp frå 2. divisjon, i 1971. Sidan då har Bryne halde seg i dei to øvste divisjonane.

Gabriel Høyland

Gabriel Høyland var ballgut sist gong Bryne spelte i 2. divisjon. Tapar Bryne i dag, hamnar dei der igjen.

Foto: Fredrick Aakhus-Østrem / NRK

Men tapar Bryne mot Bærum i dag, blir det spel i 2. divisjon.

– Eg ser ingen fordelar med å rykke ned. Dei har vore i eliten samanhengande sidan dei rykka opp i 1971, og det er eit lag som høyrer til der. Difor er det jo desto surare viss ein dett ned på nivå tre, seier Høyland.

Har vunne avgjerande kampar før

Det er ikkje første gong Bryne har hatt kniven på strupen. I 2012 stod dei også i fare for å rykke ned. Den gong stod slaget mot laget Ullensaker/Kisa.

– Sist dei heldt på å rykke ned var dei eit andredivisjonslag til pause. Men dei berga seg med to mål i andre omgang. Det kan vera viktig å ha med seg i denne samanhengen at me er gode til å vinne avgjerande kampar, seier Høyland.

Har trua på at jærbuen stiller opp

Jærbuane har også tidlegare vist at dei stiller opp når Bryne spelar avgjerande kampar. I 2001 spelte Bryne kvalikkamp mot Ham Kam for å berge plassen i eliteserien.

– Det kom 5000 på den kampen. Det var kø langt bort til Kleppekrossen, og folk begynte å lure på om det var ei trafikkulykke.

– Det viser at folk bryr seg når det er ein kamp som verkeleg betyr noko. Og det gjer det i aller høgaste grad denne gongen, seier Høyland.

Kampstart er kl. 13:00 på Bryne stadion.

Laster Twitter-innhold