Hopp til innhold

Barneheimsbarna må få talsmann

Fagforbundet protesterar mot flytting av over 30 barneheimsbarn i Rogaland. - Dette er overgrep, meiner nestleiar i fagforeninga.

Barnehjemsbarn på flyttefot i Rogaland, mars 2007
Foto: Anne Lise Indrefjord / NRK

Det er omstillinga som staten er i gang med innan barnevernet, som gjer at over 30 barn må flytta frå barneheimar i Rogaland. Årsaka er at barn som har større åtferdsvanskar skal inn på desse barneheimane.

- Tenk på kva tidlegare barneheimsbarn gjekk gjennom. Dei fekk erstatning. La oss hindre at noko slikt skjer igjen, seier Synnøve Haugland, nestleiar i Fagforbundet i Rogaland.

- Det er dei aller svakaste som nå betaler ein pris, seier Sverre Ormøy. Han er hovedtillitsvald i Rogaland Fylkeskommune.

Ormøy etterlyser at barneheimsbarna får sin talsmann.

- Visst det ikkje er ei brukargruppe som er representert sentralt i Oslo, så er det berre Stortingets spørjetime som kan brukast for å tala desse barna sin sak, seier Sverre Ormøy.