Hopp til innhold

Barnehagar kan bli stengde på grunn av tilskotskutt

Private barnehagar over heile landet kan bli stengde fordi tilskotet frå kommunane er blitt lågare.

barnehage

40 private barnehager i Norge kan bli stengde på grunn av nye tilskotsordningar.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Situasjonen er ganske kritisk, seier økonomidirektør André Kidess i Espira.

Karmøyselskapet driv 64 barnehagar i heile Norge, i omlag 40 av desse er drifta nå i fare.

– Resultatet kan bli nedlegging

Berre i Haugesund risikerer tre barnehagar å mista 5,4 millionar kroner i offentleg støtte på grunn av at tilskotsordningane blei endra ved nyttår.

– Dersom det ikkje skjer noko med tilskota, kan resultatatat bli at me må legga ned barnehagane, seier Kidess, som også er styreleiar i dei fleste barnehagane til Espira.

Les også: Gode barnehager gir bedre helse

Har full tillitt til kommunane

Han reiser nå rundt i landet for å komma i dialog med kommunane, slik at tilskotet kan aukast.

– Eg har full tillitt til at kommunane tar ansvaret sitt på alvor. Eg trur alle kommunar ønskjer kvalitetsbarnehagar med full barnehagedekning.

Ingen kommentar

Kommunaldirektør Tore Haaland i Haugesund kommune har ikkje lese brevet frå Espira. Han ønskjer derfor ikkje å kommentera saka.

Neste veke har Haugesund kommune kalla inn dei private barnehagane til eit møte.