– Det har vore himla mykje etterspurnad. Då følte me behov for å seie at nå er det litt mykje, forklarer Norvald Audun Kaldheim som er dagleg leiar i Avaldsnes.
For John Arne Riise ønskja ikkje møte media under dagens trening.
Det skjer berre dagar etter stortapet mot Rosenborg, då Riises første kamp som Avaldsnes-trenar enda med eit 6–0 tap.
Førre veke sa Riise til NRK om trenarrolla i Avaldsnes at «Det blir meir PR der eg er. Sånn er det berre.»
Set foten ned
– Har han uttalt at han treng ro?
– Det treng han ikkje. For me ser det er tar energi å stille opp heile tida. Riise er ikkje kven som helst, seier Kaldheim.
Dagleg leiar i Avaldsnes, Norvald Audun Kaldheim, seier John Arne Riise må konsentrere seg om å vere trenar.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRKNå ønskjer klubben å hjelpe til ved å setje foten ned.
– Så kan han drive med det han er tilsett for, som er å vere fotballtrenar.
Heng ikkje på greip
NRKs fotballekspert, Carl-Erik Torp, synest Avaldsnes møter seg sjølv litt i døra.
– Riise er der for å skape blest rundt laget. Han sa jo òg at han skal ta presset av spelarane og ta støyten sjølv.
Han seier at Avaldsnes som forventa hadde sportslege utfordringar før seriestart, og at skjerminga av Riise derfor er eit merkeleg val.
Carl-Erik Torp meiner det ikkje stormar så mykje rundt Riise og at det derfor er merkeleg at han skal bli skjerma.
– Viss han skal bli skjerma frå tapet så heng det ikkje på greip, seier Torp.
Eksperten seier det er sjeldan at han høyrt slik om trenarar, spesielt i toppserien.
– Presset rundt han er jo større enn hos andre, men det ser jo ut som han ønskjer det sjølv.
– Ein god trenar
Men å ha Riise som trenar har vore ei god oppleving for Avaldsnes.
– Det har vore positivt. Han er ein god trenar som tar med seg det på banen, seier Avaldsnes-spiss Karina Sævik.
Laget synest tapet mot Rosenborg var surt, men spissen meiner dei ikkje fokuserer for lenge på det.
– Me er ikkje deppa og tenkjer ikkje på tapet heilt til neste kamp. Nå er me nullstilt og klare for fight, seier Sævik.
Karina Sævik i Avaldsnes er nøgd med Riise som trenar, og seier han overraska positivt.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKSøndag har Avaldsnes ein ny kamp, denne gongen på heimebane mot Lillestrøm.
Men fram til fredag tar Riise ein pause frå pressen.
– Han må konsentrere seg om å vere trenar og bruke energien på det, og litt mindre i media. Nå bruker han tida mot LSK-kampen, seier Kaldheim.