Hopp til innhold

Køyreskulependelen har snudd – no er det manuell bilkø

Bilparken til norske køyreskular blir meir og meir elektrisk. Men ønska om førarkort med manuelt gir er ikkje heilt borte. Det skapar trøbbel for køyreskulane.

Girspaken

OLD-BUT-GOLD: Fagleg leiar i Askeland køyreskule, Pål Jakobsen, meiner at manuelt gir har blitt det kule igjen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

«Old but gold» er eit uttrykk som handlar om gamle ting som er på veg til å bli nye.

I fjor viste tala at førarkort på manuelt gir var på veg ut, og automatlappen skulle bli det nye.

Dermed skaffa den eine etter den andre køyreskulen seg elbilar i hopetal.

Nye tal frå Statens vegvesen viser derimot at automattrenden er i ferd med å bremse opp.

Askeland trafikkskole er ute med William. Han har kjøretime idag.

Akkurat denne bilen er manuell, fortel Pål Jakobsen frå Askeland køyreskule.

Foto: JOHAN MIHLE LAUGALAND / NRK

Som mykje anna vintage kan lappen på manuelt gir vere på veg tilbake.

Men dette skaper kø hos norske køyreskular.

Russebil og leigebil i utlandet

I Vegvesenet sin region sør var automatsertifikat i stort fleirtal i 2022. I nord ville flest køyre opp med manuelt gir, mens det i vest var jamnare.

I Rogaland er det ganske 50-50 om ein elev ønsker å ta manuell gir, fortel Pål Jakobsen, fagleg leiar ved Askeland køyreskule.

Derfor har dei måtta skaffe eit dobbelt sett med bilar i møte med opplæringsbehovet.

Likevel: Ønsker du å ta opplæring i manuellbil, må du vente til etter nyttår før du kan få plass.

Pål Jakobsen er kjøreskolelærer.

Pål Jakobsen jobbar på Askeland køyreskule. Han fortel at fleire ønsker å ta manuellappen igjen.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

– Nokon fann ut at det er kult med manuellgir til førarkort, nokon i forhold til russebilen og andre til leigebil i utlandet. Men så har det også blitt litt kult å gire igjen. No er det meir sånn: Kan du ikkje gire liksom?, fortel han.

– Manuelt gir i distrikta

I 2017 var det berre 13 prosent som køyrde opp med automatgir.

I fjor var det 51 prosent, men auken til 2023 ser ut til å verte mindre enn den har vore dei siste åra. Det viser ferske tal frå Statens vegvesen.

Seniorrådgivar i Statens vegvesen, Jørgen Melbye Ingebrigtsen, ser ikkje vekk frå at veksten har stilna, men presiserer at det berre er basert på eitt åt.

– Det er framleis auke i talet som køyrer opp med automatgir, men det kan tyde på at ein nærmar seg et punkt, seier han.

Han inntrykk er at det er automatgir som dominerer rundt dei store byane.

– I distrikta er det nok meir vanleg med manuelt gir, seier han, og peikar på dårlegare kollektivtilbod og interesse for bilkøyring som moglege forklaringar.

Russebilar og leigebilar i utlandet ser han heller ikkje vekk frå at har innverknad på tala.

Fire av ti trafikkskulebilar har automat

I fjor såg Norges Trafikkskoleforbund (NTSF) ein stor auke i talet på elbilar hos køyreskulane.

Leiar for kommunikasjon og berekraft i NTSF, Ingunn Haavi Finstad, meiner girstonga si tid eigentleg er forbi.

– Framtida er utsleppsfri og automatisk, og utviklinga går raskt. Det er ingen grunn til å lære seg å køyre bil med gammal teknologi.

Tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) viser at sju av ti nye trafikkskulebilar er ein elbil, og dette er bilar med automatgir.

I 2018 hadde 72 prosent av dei manuelt gir.

I 2023 har berre 42 prosent det.

– Om du veit du mest sannsynleg skal køyre ein bil med automatgir, vel automat også på trafikkskulen, råder Finstad.

Ny fossilbil med girstong er mangelvare

Ifølgje styreleiar i trafikkskuleforbundet, Per Ove Sercan Husevik, er det vanskeleg for køyreskulane å få tak i nye bilar med girstong.

– Dei store billeverandørane har slutta å produsere manuellbilar, fortel han.

Pål Jakobsen kjører William idag.

William Gjestland er på køyretime. Han fortel NRK at han valde manuell for å køyre Golfen han eig.

Foto: JOHAN MIHLE LAUGALAND / NRK

Om køyreskulane vil ha manuellbilar, må dei spesialbestillast, opplyser Husevik. OFV-tal viser at 3 promille av bilane som er dei nyregistrerte til nå i år, har manuelt gir.

Han har eit ønske om å endre på reglane for oppkøyring.

– Vi vil ha ein overgang til automat og etter kvart at dei som ønskjer å ta manuell berre kan ta eit ekstra kurs på trafikkskulen. Elevane opplever at ei førarprøve er meir utfordrande enn å gjennomføre kurs, sjølv om resultatet ville bli det same, fortel han.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg