Hopp til innhold

Trafikkskular: – Dropp lappen med manuelt gir

Dei som tar sertifikat vil oftast ha med manuelt gir, gjerne etter påtrykk frå foreldra. Fleire trafikkskular forstår ikkje argumenta og vil at «automat-lappen» skal bli standard.

Malin Brimsø

HÅPAR PÅ FLEIRE BILAR MED AUTOMATGIR: Malin Brimsøe er blant stadig fleire som vel å ta lappen berre for automatgir. – Nå håpar eg det kjem meir automatbilar i Noreg, seier ho.

Foto: Erik Waage / NRK

28 prosent av dei som bestod førarprøven for bil (klasse B) i 2020 tok oppkøyringa med automatgir.

Året før var talet 24 prosent, viser tal NRK har fått frå Statens vegvesen.

Med andre ord gjennomfører fleire den nervepirrande oppkøyringstimen med automatgir.

Og tala har auka jamt og trutt dei siste åra.

Men framleis vil eit stort fleirtal ta sertifikatet slik at dei kan køyra bil både med og utan manuellgir.

Likevel vil landets største organisasjon for trafikkskulane at det skal bli standard å ta lappen for automatgir.

– Då blir det enklare og tryggare for elevane. Dei kan fokusera på trafikken i staden for å styra med giringa. Det blir også lettare for trafikkskulane å forholda seg til ein bilpark, seier fylkesleiar i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund i Rogaland (ATL), Jannike Bondevik.

Vil behalde dagens ordning

Ifølge trafikkskulane er det ei «kjempeutfordring» for køyreskulane at mange ungdommar framleis vil ha køyreopplæring med manuelt gir.

Jannike Bondevik

Jannike Bondevik er fylkesleiar i Autoriserte Trafikkskolers landsforbund.

Foto: Erik Waage / NRK

Trafikkskulane må ha dobbel bilpark, både bilar med og utan manuell girkasse.

– Det gir store kostnadar for trafikkskulane. Den må bli tatt inn ein plass. Då blir det gjerne at me må auka prisen for køyretimane.

Ifølge Bondevik er det gjerne foreldra som påverka barna til å ta sertifikat med manuelt gir. Dette trass i at dei fleste berre har bilar med automatgir heime.

– Argumenta er gjerne at dei skal til Syden for å leiga bil og at det er billegare bruktbilar med manuell girkasse, seier ho.

Stig Anders Ohrvik i Trafikkforum

Rådgjevar Stig Anders Ohrvik i Trafikkforum.

Foto: Privat

Trafikkforum, som er den nest største organisasjonen for trafikkskular, er ikkje samd med ATL i at unge bør droppe å ta førarkort med manuelt gir.

– Dagens ordning med full valfridom fungerer bra. Den bør halde fram, seier rådgjevar Stig Anders Ohrvik i Trafikkforum.

Malin gjer det same som mor

Malin Stokka gjer som dei fleste og tar førarkort for bil med manuelt gir.

– Eg vil at det skal vera mogeleg å køyra alle bilar. Mor mi har også sertifikatet for manuelt gir. I tillegg skal eg køyra ein liten Honda Jazz som er hundre prosent manuell.

Malin Stokka

Malin Stokka tar førarkort for bil med manuelt gir.

Foto: Erik Waage / NRK

I Yrkestrafikkforbundet (YTF) er det sjeldan dei ser at nye lastebilar eller bussar blir leverte med manuelt gir. Generalsekretær Trond Jensrud seier det neppe vil skape problem om ein sjåfør hos dei berre har erfaring med automatgir.

– Ein må uansett ta eit anna førarkort viss ein skal køyre lastebil eller buss, seier han.

Trond Jensrud

Generalsekretær Trond Jensrud i Yrkestrafikkforbundet.

Foto: Yrkestrafikkforbundet

YTF meiner likevel det er viktig at det er mogleg å ta lappen med manuelt gir for dei som vil det.

– Me er inne i ein overgangsfase, og da vil det vere ein fordel at ein kan velje, seier han.

Vil ha enklare løysing

Tilbake på køyreskolen er Malin Brimsøe blant stadig fleire som vel å ta lappen berre for automatgir.

– Nå håpar eg det kjem meir automatbilar i Noreg. Og det ser jo slik ut.

I dag må dei med «automat-lappen» ta nytt førarkort dersom dei skal køyra bil med gir.

Trafikkskulane vil ha ei enklare løysing for oppgradering og meiner framtida stort sett er bilar utan gir.

– Automat er framtida, men me driv framleis opplæring på gammal teknologi. Me håpar på eit skifte i nær framtid, seier Bondevik i Autoriserte Trafikkskolers landsforbund.

Flere nyheter fra Rogaland