NRK Meny
Normal

Fleire har forsvunne frå mottaket etter at situasjonen i Finnmark har eskalert

Norges største akuttmottak for asylsøkjarar har meldt fleire personar sakna dei siste dagane. – Å bli sende til Russland er noko dei absolutt ikkje vil, opplyser leiinga ved Forus akuttinnkvartering.

Forus akuttmottak

Om lag femten personar har forsvunne frå Forus akuttinnkvartering i Stavanger i løpet av dei siste dagane.

Foto: Jørgen Finstad / NRK

Fleire av dei 919 asylsøkjarane som for tida bur på Forus akuttinnkvartering i Stavanger har fått med seg nyheitene frå Finnmark dei siste dagane. Flyktningar har blitt sende ut av Norge og inn i Russland.

Dette pregar stemninga på landets største akuttmottak.

– Dei ser bileta, dei ser kulda og dei veit at mottaksapparatet i Russland ikkje er det same som i Norge. Så det er noko dei absolutt ikkje vil, seier Lars Petter Einarsson, som er pressetalsmann ved Forus akuttinnkvartering.

Har varsla UDI

Dei siste dagane har dei registrert at om lag femten asylsøkjarar har blitt borte frå mottaket.

– Det er vanskeleg for oss å ha den fulle oversikta, men når eit nøkkelkort ikkje har vore i bruk på fleire dagar så går me inn og sjekkar. Dersom me ikkje får fatt i personen så varslar me UDI om at dei er vekke, forklarar Einarsson.

Fra før er det kjent at langt over hundre personar har stukke frå mottaka i Rogaland, men Einarsson ser ikkje vekk frå at dei siste forsvinningane har ein samanheng med hendingane på Finnmark.

Ber dei om å halda seg oppdaterte i media

– Me går ut frå at dei som forsvinn nå har vore i Russland. Ein del Syrarar er urolege. Dei fekk tidleg beskjed om at dei ikkje skulle sendast tilbake til Syria. Nå er dei redde for at dei skal bli sende tilbake til eit tredje land, seier han.

Han legg også til at det ikkje er enkelt å ha oversikta over situasjonen.

– Me kan ikkje sei til folk at dei er trygge eller ikkje. Me ber dei om å halda seg oppdaterte i media, men informasjonen dei får der er ofte forvirrande og mangelfull. At situasjonen ikkje er heilt oversiktleg kom tydeleg fram på Debatten i går, seier han.,

Politioverbetjent Trygve Ravndal er ikkje like sikker på at forsvinningane dei siste dagane kan knytast opp til hendingane i Finnmark.

– Det har forsvunne folk tidlegare frå mottaket også, så det er ikkje sikkert at det kan knytast opp til det som skjer der oppe, seier han.

Debatten om flyktningsituasjonen

6 dagar etter at Norge fekk nye, strenge reglar, stansa asylstraumen heilt opp ved Storskog. Denne veka blei fleire sett på bussen tilbake til Russland. Biskopen meiner vi utset born for det samme som Anne Frank, Sylvi Listhaug meiner dette er måten å vere rettferdig på.
Direktesendt debattprogram med programleder Ingunn Solheim.

Sjå debatten frå i går der temaet var flyktningsituasjonen ved den russiske grensa.