Hopp til innhold

Asgeir Ueland sat i bomberom og høyrde lyden av rakettar som blei skotne mot Israel

Norske Asgeir Ueland, som bur i Israel, trur ikkje det går mange år før det på ny blir opna eld mellom Hamas og israelske styrkar.

A picture taken from the northern Iraeli Kibbutz of Misgav Am, shows smoke billowing from the southern Lebanese border village of Kfar Shuba, on May 18, 2021, following overnight Israeli shelling after rockets were fired from Lebanon into Israel.

Røyk frå ein rakett som landa på libanesisk side om lag 20 kilometer frå huset til Ueland i Galilea. Bilde er tatt tysdag 18. mai.

Foto: Jalaa Marey / AFP

– Nå syng fuglane, og det ser ut som om ting har roa seg for denne gong, seier Asgeir Ueland til NRK om lag ei veke etter at våpenkvila mellom Israel og Hamas tredde i kraft.

Han sit i huset sitt i Galilea nord i Israel, der han bur saman med den israelske kona si og to barn. Det er ikkje mange dagar sidan han sat i bomberommet og høyrde lyden av rakettar som blei skotne frå Libanon mot Israel.

Asgeir Ueland

Asgeir Ueland er forfattar og podkast-skapar. Han er busett i Israel, men kjem opphavleg frå Ganddal i Rogaland. Han har skrive bøkene Tungtvannsaksjonen (2013) og Shetlandsgjengen (2015).

Foto: Privat

– Den eine raketten landa like ved ein israelsk kibbutz, som ligg heilt på grensa til Libanon. Denne er om lag 20 kilometer i luftlinje frå huset mitt, seier han.

Frykta fleire partar

Den store frykta var at det var Hizbollah som stod bak angrepet, men ifølgje Reuters hadde den iransk-støtta gruppa ikkje noko med angrepet å gjera.

– Me vart letta då me forstod at dette ikkje var Hizbollah. For då hadde det nok blitt ein stor krig. Dette var nok nokre grupperingar som ville visa støtta si til Palestina. Dei sju rakettane dei brukte var gamle og utdaterte, så då det blei klart kjende me aldri noko frykt, seier han.

Dei elleve dagane Gaza-krigen føregjekk blei minst 253 palestinarar og tolv menneske på israelsk side drepne, ifølgje FN sin høgkommisær for menneskerettar. Ingen blei drepne i samanheng med spenninga på grensa mellom Israel og Libanon.

Lebanon Israel Palestinians

Grenseområdet mellom Libanon og Israel, ikkje langt frå heimen til Asgeir og familien.

Foto: Hussein Malla / AP

– Evigvarande sirkel

Tidlegare denne veka sa talsmannen for Hamas, Dr. Basem Naim, i eit intervju med NRK at dei vil halda fram med rakettangrep mot israelske byar, viss konflikten med Israel blussar opp igjen.

Han meiner palestinarane gjekk sigrande ut av den siste konflikten med Israel.

Asgeir Ueland er ikkje overraska over retorikken. Og for han er dette ein av hovudgrunnane til at han ikkje kan sjå ein ende på konflikten.

– Etter våpenkvila handlar det mest om kven som vinn i opinionen, jamvel om det ikkje er nokon klår vinnar i klassisk forstand med at den eine parten gjer seg. Dimed er det på sikt duka for fleire rundar mellom Israel og Gaza, og det er vanskeleg å sjå ein ende på konflikten, seier Ueland.

Har ikkje tru på langvarig våpenkvile

Heilt sidan han første gong reiste for å jobba på ein kibbutz i 1994 har han budd periodevis i landet. Den mest dramatiske perioden var då han budde i Jerusalem frå 2003 til 2007.

– Det var under den andre intifadaen, då det var ein utstrekt bruk av sjølvmordsbombarar, og det var ei større påkjenning. Det var i tankane våre kvar gong me til dømes tok buss, seier han.

Utanom dette seier han at han og familien opplever det som heilt udramatisk å bu i denne konfliktfylte delen av verda.

– Dei fleste har tilgang til gode bomberom, og ein ganske god og punktleg varslingsapp, som gjer at ein veit med ein gong når ein må søke ly. Og det er nok tid. Utanom dette så er det slik at kvardagen kjennest normal, seier han.

Han er glad for at det nå er våpenkvile, men har ikkje store forventningar.

– Eg trur det vil vara ei stund. Dersom det er roleg i fem år kan ein vel seia at dette har vore ein vellukka våpenkvile, seier han.

Konflikten forklart

Konflikten mellom Israel og Palestina strekker seg langt tilbake i tid.
Sentralt i konflikten er Jerusalem, som både israelerne og palestinerne ser på som sin hovedstad.
Sentralt står områdene i Øst-Jerusalem som Israel har annektert siden seksdagerskrigen i 1967.
I Øst-Jerusalem ligger gamlebyen som er delt i fire kvarterer. Tempelhøyden/Haram al-Sharif huser noen av verdens helligste steder for både muslimer og jøder.
Den siste runden med opptøyer, rakettskyting og bombing startet etter at israelsk politi stormet al-Aqsa moskeen på Tempelhøyden/Haram al-Sharif.
Årsaken til sammenstøtene er den planlagte utkastelsen av palestinere fra nabolaget Sheikh Jarrah nord for gamlebyen. I tillegg feiret israelerne erobringen av Øst-Jerusalem i 1967 den 10. mai.
Konflikten tok en ny vending da Hamas startet å skyte raketter mot Israel fra Gaza. Israelerne svarte med kraftige angrep tilbake.
Flere bygg har blitt bombet på Gaza.

Denne bygningen huset blant andre Hamas sin TV-kanal Al-Aqsa og andre medieorganisasjoner. Bombingen av denne og andre bygninger har medført store sivile tap.
Buss Tel Aviv
I Israel er også flere mennesker drept. Blant annet ble en buss utenfor Tel Aviv truffet av en rakett, det samme har en rekke privathus blitt.
Lod brann
Det har vært store opptøyer i israelske byer der det bor mange palestinere med israelsk statsborgerskap.

I den israelske byen Lod, er det erklært unntakstilstand. Byen ligger sør for Tel Aviv og har en stor palestinsk befolkning.

tempelhøyden Jerusalem