Hopp til innhold

Aviskonkurrentar samla under same tak

Rogalands Avis har flytta inn i Mediegården, der Stavanger Aftenblad allereie held hus. – Det blir både kjekt og utfordrande, seier sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle.

 Redaktør i Rogalands Avis Bjørn G. Sæbø blir ønska velkommen hos Aftenbladet

VARM VELKOMST: Sjefredaktør i Rogalands Avis, Bjørn G. Sæbø, blir ønska velkommen av Aftenblad-journalist Harald Birkevold.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I dag var det markering med kakemenn og mandarinar i redaksjonen til Aftenbladet i Mediegården i Stavanger sentrum då den nye leigetakaren Rogalands Avis blei ønskt velkommen.

Som regel skal me springa fortare enn Aftenblad-journalistane, så det blir heller dei som kjem til å springa når me spring.

Bjørn G. Sæbø, sjefredaktør i Rogalands Avis

Likevel var det ikkje spesielt mykje entusiasme å spora når redaktørane i dei to avisene fekk spørsmål om korleis det skal bli å dela hus med hovudkonkurrenten sin.

– Det kjennest heilt greitt. Det er først og fremst viktig for oss med hensiktsmessige lokale. At det er Aftenbladet som er nærmaste nabo er litt tilfeldig, seier Bjørn G. Sæbø, som er sjefredaktør i Rogalands Avis.

Eit sterkt mediemiljø

Sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, innrømmer at det har vore folk i bedrifta som har vore skeptiske til å få Rogalands Avis inn i etasjen under seg.

– Det blir både kjekt og utfordrande, for det er ikkje tvil om at me framleis skal konkurrera om dei beste nyheitene. Sjølv har eg vore ganske entusiastisk heile vegen og håpa at valet deira skulle falla på dette bygget, seier Helle.

Han meiner at dette vil skapa eit sterkt mediemiljø i Stavanger, og han legg heller ikkje skjul på at han ikkje har noko imot å koma Bergen sitt Media City i forkjøpet. Her skal TV2, Bergens Tidende og NRK flytta inn neste år.

Lars Helle

Bjørn G. Sæbø og Lars Helle under ein julegåve-pakke-konkurranse arrangert av NRK Rogaland.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Positiv effekt

Sæbø trur det han kallar ein Fleet Street-effekt, med fleire medium samla i eit lite område, kan ha sine positive sider.

– Det er jo ikkje uvanleg i medieverda at dette skjer. Politiken og Extrabladet i København har gjort det i mange år og i Akersgata i Oslo jobbar konkurrentar tett på kvarandre, seier han.

Er det slik at de nå kjem til å springa kvar gong Aftenbladet spring?

– Som regel skal me springa fortare enn Aftenblad-journalistane, så det blir heller dei som kjem til å springa når me spring, seier han med glimt i augo.

Så langt er det berre kaffien han saknar frå dei tidlegare lokala i Klubbgata, men han satsar på at kaffimaskinen skal installerast denne veka.

Sjølv om dei to avisene konkurrerer om nyheiter så samarbeider dei om trykking og distribusjon.