Hopp til innhold

Kommune etter tvangstesting av baby: – Skal hindre at det skjer igjen

Advokat reagerer på behandlinga Ida Elisabeth Høgmo (25) og babyen hennar fekk då dei kom til Noreg. Nå lover kommunen å gå gjennom eigne rutinar.

Ida Elisabeth Høgmo

MÅTTE TA KORONATEST: Ida Elisabeth Høgmo (25) og dottera er på besøk hos foreldra til Høgmo. Men lite gjekk etter planen då dei landa på Stavanger lufthamn Sola på fredag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg var heilt sjokka over at dei faktisk tvangstesta ein baby på grensa, seier advokat Helge Morset.

Han er leiar av ei gruppe i Den internasjonale juristkommisjon, som er spesielt opptatt av korleis koronareglane blir handsama.

Det han reagerer på er historia frå Stavanger lufthamn Sola, som 25 år gamle Ida Elisabeth Høgmo fortalde til NRK på fredag.

Høgmo er norsk statsborgar busett i Danmark, og då ho førre veke skulle besøka foreldra sine, saman med den fire månadar gamle babyen sin, var det lite som gjekk etter planen.

Fekk feil SMS av UDI

Grunnen til at ho i det heile tatt reiste var at ho fekk ein SMS frå UDI om at ho hadde fått innvilga søknad om unntak frå karantenehotell. Men SMS-en viste seg å vera feil, søknaden var eigentleg ikkje innvilga.

Dette var i seg sjølv ein hard beskjed å få på grensekontrollen på Sola. Likevel er det det som skjedde etterpå ho opplevde som det verste.

– Politiet sa at både eg og babyen måtte gå vidare til teststasjonen for å bli testa. Eg sa tydeleg ifrå om at eg ikkje ville at barnet mitt skulle bli testa, fortel Høgmo.

Ho opplyste om at både ho og barnet hadde hatt smitte, og at ein test uansett ikkje var nødvendig. Ho hadde med legeerklæringa der fastlege slo fast at da Ida Elisabeth Høgmo nyleg hadde hatt covid-19.

Beskjeden frå politiet var likevel at ho måtte gå til testområdet.

– Der eg var i kontakt med to helsearbeidarar. Eg bad om at dei ikkje testa barnet mitt, men eg blei ikkje høyrt, fortel Høgmo.

Måtte halda hovudet fast

Dermed følte ho at ho ikkje hadde anna val enn å la helsearbeidarane gjennomføra testen.

– Eg måtte halda hovudet hennar fast medan dei testa ho. Ho grein og hadde vondt, fortel ho.

Og det er nettopp dette som får advokat Helge Morset til å reagera.

Han understrekar at verken politi eller helsearbeidarar kan gjera tvangsinngrep utan heimel i lov. Og det meiner han at dei ikkje har i verken smittevernlova eller covid-19-forskrifta.

For i covid-19-forskrifta står det at dei som ikkje vil la seg teste, og heller ikkje vil forlata landet, skal straffast med bot.

– Her skulle personellet på grensa berre opplyst mor om at ho eventuelt ville bli bøtelagt, før dei slapp henne inn i landet, seier Morset.

Vidare meiner han at det er høgst relevant at det her også er snakk om ein baby. For i forskrifta står følgjande:

« ... Barn under 12 år skal ikkje testast der det er uforholdsmessig krevjande å få tatt testen av barnet ...»

– Og her har du ein baby på fire månader, som ikkje aner kva som føregår. Han må til og med haldast fast mot mor sin eigen vilje, noko som må ha vore svært belastande både for mor og for babyen, seier Morset.

Kommunen beklagar

Han legg til at han forstår at dei som jobbar på grensa har ein vanskeleg jobb, der det heile tida kjem nye reglar dei skal forholda seg til.

– Men når personell på grensa får det føre seg at dei faktisk kan tvangstesta små babyar så har det verkeleg sklidd heilt ut. Ikkje berre på det rettslege, men etter mitt syn også på det helseetiske planet.

NRK har vore i kontakt med Sola kommune, som er ansvarlege for testsenteret på flyplassen. Dei legg seg flate, og lover å ta grep.

– Det stemmer som advokaten seier, me skal ikkje testa barn med tvang. Me vil gå gjennom rutinane våre på dette, for å hindre at det skjer igjen, seier kommunalsjef for levekår, Oddny Hove Bjorland.

Samstundes understrekar ho at dei skal tilby test til alle, også barn. Ho legg også til at sjølve testen av barn ikkje er ein djup naseprøve, som på vaksne. Men ein prøve som blir tatt like innanfor nasevengja.

– Vanskeleg oppdrag

Politiet kommenterer ikkje den spesifikke saka, men kjem med ein generell kommentar om handsaminga av covid-19-forskrifta.

– Politiet gir ikkje pålegg, men skal rettleia om pliktene dei reisande har, skriv politiinspektør Leif Ole Topnes i Sør-Vest politidistrikt i ein e-post.

Leif Ole Topnes

Leif Ole Topnes i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Politi.no

Han skriv vidare at spørsmål om testing er det helsestyresmaktene som tar, og viser til kommunen sitt testsenter på flyplassen.

Også han peiker på at situasjonen på grensa er krevjande.

– Dette er eit regelverk som endrar seg fleire gonger i veka, og blir kommunisert ut til politiet av og til berre timar og minutt før endringane skjer.

– Ligg det ein kritikk av styresmaktene sin kommunikasjon i dette?

– Det er ingen kritikk, men ei faktisk beskriving av det vanskelege oppdraget politiet står oppi, og skal handsama og gi rettleiing om.

Heime hos foreldra, som også er nybakte besteforeldre, har Ida Elisabeth Høgmo fokus på å slappa av, og tenka minst mogleg på det som skjedde på Sola.

– Eg meiner det er viktig å få fram det prinsipielle med det som har skjedd. For eg vil verkeleg ikkje at andre skal måtte oppleva det same. Eg har likevel ikkje tatt stilling til om dette er noko eg orkar å gå vidare med, seier ho.