Hopp til innhold

Difor er det vanskeleg å få tak i popkorn nå

Å dyrke popkorngras på terrassen har blitt så populært at butikkane er tomme for upoppa popkorn.

Vivian Klovning har dyrket popkorngress

POPKORNGRAS: Vivian Klovning trur popkorngras-dyrking har blitt populært fordi det er enkelt, billig og fint å sjå på.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Eg hadde aldri trudd den skulle bli så stor!

Vivian Klovning er ei av mange som har kasta seg på popkorngras-trenden.

Ho har ein teori om kvifor det har blitt så populært.

– Det er dyrt å kjøpe planter, og viss du vil ha noko stort må du nesten opp i tusenlappane. Det er mykje lettare å berre kjøpe ein pose popkorn på butikken, seier ho.

For popkorngras dyrkar du enkelt ved å så upoppa popkorn tett i tett i ei krukke med jord.

Men å få tak i popkorn er ikkje like enkelt.

Vivian Klovning har dyrket popkorngress

– Det er så enkelt å så. Og kjekt å gjere i lag med ungane.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Kjøpmann har «registrert at det har gått ein del»

– Vi har vore tomme i to veker, seier butikkmedarbeidar Veronica Tjelle på Coop Obs i Haugesund.

Ho har høyrt at mange andre butikkar er tomme også. NRK har fått det bekrefta fleire stader i fylket.

Veronica Tjelle på Coop Obs

Veronica Tjelle på Coop Obs har også prøvd å dyrke fram popkorngras.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Tjelle er glad ho sikra seg ein av dei siste pakkane.

– Eg har sådd, men det har ikkje kome noko gras ennå, ler ho.

Det spirer meir heime hjå ein kjøpmann hos Rema 1000.

Tomt for popkorn på Rema 1000

Rema 1000 i Haugesund sentrum er ein av fleire butikkar NRK har besøkt, som er tomme for upoppa popkorn.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Eg har registrert at det har gått ein del popkorn, men ikkje visst kvifor. Men når eg tenker meg om, har kona sådd popkorngras på terrassen, seier Vidar Mæland på Rema 1000 i Haugesund.

Stod klar då butikken fekk inn popkorn

Dennis Asbjørnsen held foredrag, skriv bøker og deler hagetips på Spiselig hage på Instagram.

Han kan ikkje huske at ei plantetrend har blitt så populær som popkorngraset.

Dennis Asbjørnsen

Dennis Asbjørnsen har også kasta seg på popkorngras-trenden.

Foto: Dennis Asbjørnsen / Privat

– Eg trur denne har tatt av på grunn av utsjånaden til planten, at den veks fort og fordi du får ei så stor plante av ein billig pose popkornfrø.

Popkorngraset spirer hos Asbjørnsen også, men han måtte jobbe for å få tak i hovudingrediensen.

– Her eg bur, er det seks butikkar. Alle var tomme, så det enda med at eg måtte spørje når dei fekk nye varer og stå klar då dei kom, seier han.

– Det er meir mikropop igjen i butikkane. Kan ein bruke det?

– Det har eg ikkje prøvd. Men det inneheld så mykje salt og smør at eg ville nok brukt dei naturelle, seier han.

Tomt for popkorn på Obs

TOMT: Mange er på jakt etter popkorn. Coop Obs har ikkje hatt inne på to veker.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg