NRK Meny
Normal

– Vaksne menn omfamna kvarandre

Hurrarop, klemming og trillebårer med sjampanje. Slik skildrar to av dei som opplevde krigens dagar frigjeringsdagen for 70 år sidan.

Frigjøringsdagen på Rådhusplassen i Sandnes

Bilete frå frigjeringsdagen på Rådhusplassen i Sandnes.

Foto: Statsarkivet i Stavanger

Kåre Aslaksen var 19 år på frigjeringsdagen i 1945. Då krigen tok slutt var han på veg til jobben på hermetikkfabrikken i Stavanger.

– Då eg skulle gå inn på fabrikken kom arbeidarane springande mot meg: «Det er fred. Krigen er slutt!». Alle sprang frå jobben. Det var det største som hadde skjedd i livet mitt, og det er det framleis. Det var heilt utruleg.

Kåre Aslaksen var 19 år då krigen var over, den 8. mai 1945.

Kåre Aslaksen

Kåre Aslaksen var 19 år da freden kom i 1945.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland/NRK

Hundre meter borte i gata budde kjærasten til Kåre. Ho som seinare skulle bli kona hans.

– Eg sprang bort og ropte: «Det er fred, det er fred.» Etter ein times tid begynte folk å springa rundt med trillebårer og handkjerrer med kassar i. Det viste seg at tyskarane hadde eit hovuddeponi i neste kvartal. Der hadde vakta opna alle dørene og folk henta ut kassevis med sjampanje og tobakk, fortel Aslaksen.

– Alle var glade. Folk som ikkje kjende kvarandre gav kvarandre klemmar. Vaksne menn stod og klemde på kvarandre. Dei første timane var ubeskrivelege.

Festen som følgde varte i dagevis, ifølge Aslaksen.

– Avisene trykte papirflagg som folk kjøpte og hadde på kroppen. I kirkegata var det nazikontor. Desse blei plyndra og alle dokument og arkiv blei kasta ut.

Evelyn Eidsvåg var 12 år då freden kom i 1945.

Evelyn Eidsvåg

Evelyn Eidsvåg var 12 år på fredsdagen 8. mai 1945.

Foto: Per Øystein Kvindesland / NRK

Evelyn Eidsvåg var 12 år og budde på øya Espevær i Bømlo då krigen tok slutt. Jobben hennar var å passa små barn.

– Eg heldt på barnevogna og såg at flagget gjekk til topps hos nokre som budde høgare oppe på øya. Då gjekk det opp for meg: «For eit fantastisk flagg. Ingen har eit så flott flagg som me har.»

– Det som gjorde veldig inntrykk var at vaksne menn oppe i åra omfamna kvarandre, klemde kvarandre og slo kvarandre på ryggen.

Høyr NRK-reporter Arne Espeland skildra frigjeringsdagen i Stavanger 8. mai 1945:

Arne Espeland skildrar frigjeringsdagen i Stavanger den 8. mai 1945.