NRK Meny
Normal

– Tiltalen mot Ingebrigtsen er veldig alvorleg

Professor Peter Gottschalk ved Handelshøgskulen BI trur innsidehandel-tiltalte Fred A. Ingebrigtsen blir dømt til fengsel i to år.

Petter Gottschalk

Professor Peter Gottschalk trur innsidehandeltiltalte Fred A. Ingebrigtsen blir dømd til fengsel i to år. Ingebrigtsen sjølv kjem til å be om full frifinning i tingretten.

Foto: Frode Wik / NRK

Onsdag tok statsadvokaten i Rogaland ut tiltale i innsidesaka. Acta-gründer Fred A. Ingebrigtsen er tiltalt som hovudmannen og for å ha uført tre tilfelle av innsidehandel. Seks andre personar er tiltalte for medverknad til innsidehandel.

– Det er veldig alvorlege forhold desse sju er tiltalte for. Statistisk sett kjem Ingebrigtsen til å bli dømd til fengsel i to år, seier Gottschalk, professor ved institutt for leiing og organisasjon ved Handelshøgskulen BI.

– Midt på treet

Bjørn Stordrange

Advokat Bjørn Stordrange.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

BI-profossoren grunngir dette med forsking han har gjort på såkalla «kvitsnipp-kriminalitet». Altså økonomisk kriminalitet som blir gjort av personar i kraft av deira stilling eller posisjon i samfunnet.

Den gjennomsnittlege dommen for folk som blir dømde for slik kriminalitet er ifølge Gottschalk fengsel i 2,75 år.

Utfrå det han har sett av tiltalten mot Fred A. Ingebrigtsen karakteriserer han saka som midt på treet i forhold til «kvitsnippkriminalitet», og at dommen derfor truleg blir to år.

– Ikkje straffa hardt

Fred Ingebrigtsen

Fred A. Ingebrigtsen.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

BI-professoren vil likevel ikkje karakterisera tiltalten som svak.

– Nei, eg vil heller seie at økonomisk kriminalitet ikkje blir hardt straffa i Norge. Drap og narkotika-kriminalitet blir hardt straffa, andre ting blir ofte straffa mildt.

Ber om full frifinning

Håpet til Ingebrigtsen er uansett å bli reinvaska når saka skal opp for tingretten neste vår.

– Ingebrigtsen har frå dag ein avvist all form for innsidehandel, seier Bjørn Stordrange, forsvararen til Acta-gründaren.

Han meiner tiltalten bygger på feil grunnlag og seier dei kjem til å be om full frifinning i tingretten.