– Som å bli bomba eitt år attende

Kulturbransjen vil bli påverka av dei nye koronarestriksjonane som kom tysdag kveld. Mellom anna er den kjende «meteren» og skjenkestopp ved midnatt attende.

Rogaland Teater skal onsdag ha premiere på ei ny storsatsing.

Framover vil dei måtte skubbe bestilte billettar fram i tid for å overhalde metersregelen.

– For oss som kulturorganisasjon er dette som å bli bomba eitt år attende i tid, seier direktør Ellen Math Henrichsen.

Ho seier at dei nye tiltaka ikkje vil ha for mykje å sei for dei tilsette, men at det er publikum som vert skadelidande denne gongen.

– Det er noko drit, men vi må berre håpe at det vert betre, seier Henrichsen.

Direktør ved Rogaland Teater Ellen Math Henrichsen
Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal; NRK