I konferanselokala på Thon Hotel i Sandnes har brettspelentusiastane denne helga vore samla til den femte brettspelfestivalen Spel.
– Me er folk som elskar brettspel og som treffest to gonger i året i Sandnes. Her spelar me brettspel og er sosiale ei heil helg, seier Terje Vedaa Naustheller i styret til Spel.
Han fortel at det ikkje akkurat er Ludo og Risk som står i hovudfokus på brettspelfestivalen
– Her får du eigentleg alt anna enn slike spel. Det finst tusenvis at brettspel som dei fleste aldri har høyrt om.
– Her finn du alt frå Tour de France-spel til vindyrkingsspel, og klassikarar som Catan, Dominion og Ticket to Ride.
Brettspelfestivalen Spel fortel om eit levande brettspelmiljø i Rogaland. I den digitale tidsalder har brettspel fått ein ny vår, ifølge festivalen.