NRK Meny
Normal

– Må bremse talet på adopsjonar

Talet på fosterbarnsadopsjonar har dobla seg i løpet av få år. Vaksne adopterte er kritiske til utviklinga.

Marilyn Førsund

Marilyn Førsund vart sjølv adoptert. No ber ho regjeringa bremse talet på adopsjonar av norske barn.

Foto: Erik Waage

– Du vil aldri høyre skikkeleg til i ein adoptivfamilie, og når du som vaksen tek kontakt med din biologiske familie, så høyrer du ikkje til der heller, seier leiaren i organisasjonen Adopterte, Marilyn Førsund.

Ho var ein av dei 50 000 barna som vart adopterte i Norge på 1950-talet. Den gong var det lett å adoptere vekk norske barn, og no er ho uroa over at talet på adopsjonar aukar.

– Eg er skeptisk fordi det blir ein reprise av vår tid. Ein adopsjon er jo noko som er endeleg. Då bryt ein alle biologiske band, seier Førsund.

Talet på adopsjonar er dobla

I løpet av dei fem siste åra har talet på fosterbarnsadopsjonar dobla seg her til lands. Berre i 2013 blei 57 fosterbarn adopterte.

Statistikken kan forklarast med at barne- og likestillingsdepartementet for få år sidan uttala at adopsjon i barnevernet bør nyttast i større grad.

Men barneminister Solveig Horne ynskjer ikkje at barnevernet skal bli eit adopsjonskontor.

– Det er viktig for meg å signalisera til barnevernet at dei må tenkje førbyggjande; tidleg innsats. Dersom det skal skje ei omsorgsovertaking så må dei alltid sjå i nær familie, og i nettverk, før dei gjer ei omsorgsovertaking til ein framand familie.

Krev meir forsking på adopterte

Korleis det har gått med dei 50 000 barna som vart adopterte på 1950-talet, har ingen forska på.

I dag er dei vaksne, og dei meiner at å forske på deira historier kan vera viktig for å kunne forstå kva konsekvensar ein adopsjon kan ha for eit barn.

Men barneministeren kan ikkje svare på kvifor det så langt ikkje har blitt gjort.

– Det er vanskeleg for meg å seie, men me skal sjå på om det burde ha vore forska meir på deira situasjon, seier Horne.

Ein ny adopsjonslov står no på trappene. Og i si høyringsuttaling ber foreininga for Adopterte regjeringa om å bremse talet på adopsjoner av norske barn.

– Dei må vente til det har kome ordentleg forsking på plass, om korleis det har gått med oss, kva som skjer med eit barn som blir adoptert, og kva som er barnets beste, seier Førsund.