– Landbruket i distrikta døyr med Frp i regjering

Bondelaget i Rogaland fryktar landbruket i distrikta vil forsvinna med Frp i regjering. Påstanden blir støtta av Senterpartiet, men blankt avvist av Frp sjølv.

Ola Andreas Byrkjedal

Ola Andreas Byrkjedal i Rogaland Bondelag fryktar konsekvensane med Frp i regjering etter valet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Eg fryktar landbruket i distrikta blir avvikla med Frp i regjering. I tillegg blir bygdene avfolka, seier leiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal.

Bondelagsleiaren i landbruksfylket Rogaland er svært uroa for konsekvensane av ei blå-blå regjering.

– Det kjem til å bli store utfordringar for norsk landbruk, både i distrikta og i meir sentrale strøk, seier Byrkjedal.

Sjølv er han einaste mjølkebonde i bygda Byrkjedal i Gjesdal kommune i Rogaland. Her har han sett opp ny driftsbygning og satsa som heiltidsbonde.

Les også: Norge dårligst på økologisk matproduksjon

Får støtte av Sp

Geir Pollestad

Geir Pollestad (Sp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Bondelaget får full støtte av Senterpartiet og stortingskandidat frå Rogaland, Geir Pollestad.

– Frp sin politikk vil få enorme konsekvensar for landbruket, og det er dei store bruka som vil tapa mest, seier Pollestad.

Frp vil legga om heile landbruket og satsa mindre på dei små bruka og meir på dei store. Partiet vil redusera landbruksstøtta, fjerna tollvernet og ha fri handel med landbruksprodukt.

Men stortingskandidat for Frp i Rogaland, Roy Steffensen, er likevel trygg på at landbruket i distrikta ikkje døyr ut med hans parti i regjering.

– Det som derimot vil skje er at det blir meir stordrift på gardane, noko me også ser i dag. Målet er at dess større bruka blir, dess meir kan dei klara å driva utan støtte, seier han.

Les også: Bøndene inngår opsjonsavtaler for millioner

– Fjord og fjell gjer det vanskeleg

Roy Steffensen

Roy Steffensen (Frp).

Foto: Frp

Byrkjedal i Bondelaget meiner dette vitnar om manglande kunnskap om norske forhold.

– Eg trur Frp må ta seg ein tur ut i distrikta og sjå korleis landet er forma. I store delar av landet, med fjordar og fjell, er det heilt umogleg med stordrift, påpeikar han.

Men heller ikkje Senterpartiet har klart å stansa ei massiv nedlegging av norske gardsbruk i sine åtte år i regjering. Dei sju siste åra har om lag 6000 bønder lagt ned drifta.

– Dette erkjenner me. Men dette blir smått samanlikna med ein politikk der ein kuttar i overføringane og svekker tollvernet. Det vil føra til langt fleire nedleggingar, seier stortingskandidat Pollestad, som trur valet til hausten blir eit skjebneval for landbruket.

Byrkjedal

I Byrkjedal i Gjesdal i Rogaland er det tre gardsbruk att med husdyr, eitt av dei driv med mjølkeproduksjon.

Foto: Magnus Stokka