Hopp til innhold

– Kunne samla inn dobbelt så mykje

Innsamlingsnettstaden bidra.no meiner fleire som vil donera pengar, droppar det fordi det er kronglete. Med ein ny mobil-app vil dei gjera det mykje enklare å gi pengar via internett.

Innsamlingsbøsse

(illustrasjonsbilete)

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Tidlegare i mars skreiv NRK om at Anne Therese Oxaas-Dambo tok initiativ til å samla inn pengar til oppussing på Stavanger universitetssjukehus. Ho måtte vera fleire veker på intensivavdelinga for nyfødde då dottera Lotta kom til verda, ti veker før termin. Det er no eitt år sidan.

Pr. 28. mars har om lag 12.000 kroner blitt samla inn på internett til oppussing av foreldreromma på prematuravdelinga på SUS. Jan Olav Ryfetten, styreleiar i stiftinga Bidra.no, seier det lett kunne vore det dobbelte.

Jan Olav Ryfetten

STYRELEIAR I BIDRA. NO: Jan Olav Ryfetten.

– Me mistar halvparten av alle givarane etter at dei trykkjer «Doner-knappen» og kjem inn i betalingsvindauget, fordi det blir for kronglete med all kortinformasjon som må tastast inn, kodebrikke og bank-id.

– Det er mange kroner tapt for folk som treng pengar, seier han.

– Tek fem sekund

I eit forsøk på å gjera det enklare å gi pengar, har dei inngått eit samarbeid med mCash, eit mobilbetalingsselskap som har ein gratis app som skal gjera det enklare å betala.

– Med den tek det fem sekund å donera pengar, seier Ryfetten.

– Men om du må installera ein app, kan ikkje folk oppfatta det som like kronglete?

– Det kan jo hende, men det veit me ikkje endå. Men eg trur folk vil oppleva at det blir mykje enklare, seier han.

Ikkje alle opplever det slik

Kreftforeningen samla i 2013 inn gåver for 124 millionar kroner frå privatpersonar. Dei har også ei innsamlingsside på nett, der det no går føre seg 186 innsamlingar med eit samla beløp på 1,4 millionar kroner.

– Me opplever ikkje at det er vanskeleg på nett, snarare tvert imot. Folk melder frå om at dei syns det er enkelt, seier Erik Vigander, pressesjef i Kreftforeningen.

Han har ikkje høyrt om mobil-appen som bidra.no no skal ta i bruk.

– Men me følgjer heile tida med på nye betalingsløysingar, og prøver å halda oss oppdaterte. Det er viktig at folk oppfattar det så enkelt som mogleg, seier Vigander.

Heller ikkje Plan Noreg får tilbakemeldingar om at dei som bidreg syns det er tungvint.

– Eit par klikk på nettsida, gi namn, telefonnummer og epost, så tek me kontakt. Me er sjølvsagt opptekne av å gjera det så enkelt som mogleg, seier Siv Meisingseth, kommunikasjonssjef i Plan Noreg.