Hopp til innhold

– Kostnadskutt trugar helikoptertryggleiken

Trass den alvorlege ulykka i fjor, har helikoptertryggleiken på norsk sokkel blitt rekna for å vera svært god. Men fagforeininga Safe fryktar den vil bli gradvis svekka.

Roy Erling Furre

2. nestleiar i Safe, Roy Erling Furre, meiner dei økonomiske rammevilkåra til helikopterselskapa ikkje har blitt betre etter ulykka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

På laurdag er det eitt år sidan Noreg vart råka av den verste helikopterulykka på norsk sokkel på nær 40 år. På heliporten på Sola finn me nordsjøarbeidarar som framleis hugsar godt, den første turen ut etter ulykka.

– Eg hugsar at eg tenkte på det, at eg sat og kikka på rotoren undervegs, seier Ole Matisen.

Ole Matisen

Ole Matisen hugsar godt den første helikopterturen etter Turøy-ulykka.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Han er blant dei mange nordsjøarbeidarane som sit i avgangshallen og ventar på neste flight ut. Alle er dei avhengige av luftvegen for å koma seg til jobb, og trygt heim igjen.

– Tryggleiken er nok framleis teken vare på, men eg trur nok fleire tenker på det no enn dei gjorde før ulykka. Det er fleire av mine kollegaer som har slite i etterkant, ingen hadde vel kome på at rotoren kunne detta av, seier Matisen.

Glad for at Super Puma står på bakken

– Eg fann tryggleik i at dette var ein type helikopter som me ikkje flydde med, seier Bjørn Skårdal.

Bjørn Skårdal

Bjørn Skårdal er glad for at Super Puma er sett på bakken.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det er berre minuttar til han skal setja seg i helikopteret, men han er ikkje uroa. Det viktigaste for han var at helikoptermodellen som styrta, H225 Super Puma, blei sett på bakken.

– Då har eg ingen problem med å setja meg i eit helikopter for å koma meg på jobb, seier han.

Ulykkeshelikopteret Turøy i lufta ein måned før ulykken

Det var dette helikopter som styrta ved Turøy. Alle H225 Super Puma helikoptera har stått på bakken sidan ulykka.

Foto: Erik Westrum

Fryktar utviklinga

For trass den alvorlege ulykka i fjor, har helikoptertryggleiken på norsk sokkel lenge vore rekna for å vera svært god.

I følgje ein ny rapport frå SINTEF, var det i perioden mellom 1999 og 2015 berre ei helikopterulykke, og ingen dødsfall i petroleumsverksemda. Viss ein tek med Turøy-ulykka, utgjer det eitt dødsfall for kvar ein million flytime.

Fagforeininga Safe er likevel uroa over utviklinga dei ser i bransjen.

– Dei siste åra har me sett at kontraktane har blitt dårlegare og dårlegare, og at det stadig kjem inn nye element som svekker tryggleiken.

Roy Erling Furre, 2. nestleiar i Safe, snakkar om kontraktane som oljeselskapa inngår med helikopterselskapa. Kontraktar han meiner har blitt dårlegare i takt med nedgangen og kostnadskutta i oljebransjen.

– Det er mindre økonomi til å driva selskapa på ein forsvarleg måte. Me er avhengige av helikopterselskap med god teknologisk og økonomisk ryggrad, slik at dei klarer å halde tryggleiken oppe. Men når dei blir svekka over lengre tid, så fryktar me at dei ikkje klarer å ta var på det viktige oppdraget dei har, seier Furre.

CHC er uroa over utviklinga

– Eg har tidlegare peika på, og lagt fram dokumentasjon på, at selskapa som opererer på norsk sokkel ikkje har tent pengar dei siste fire åra, seier Arne Roland.

Som sjef for helikopterselskapet CHC veit han kor gale det kan gå. Det var hans selskap som eigde ulykkeshelikopteret, og to av deira pilotar omkom.

– Det er det verste som kan skje for oss som opererer i denne bransjen, seier Roland.

Det er ikkje noko som tydar på at det var økonomiske grunnar til helikopterulykka i fjor. Men også han er uroa over utviklinga i bransjen.

– Me er absolutte på at økonomien aldri skal gå utover vedlikehald, eller måten me opererer på, men det er openbart at over tid så er det ingen god situasjon at selskapa ikkje tener pengar, seier CHC-sjefen.

Meiner marginane er gode nok

– Me vil aldri akseptera at tryggleiken blir svekka på våre operasjonar, seier direktør for felles driftsstøtte i Statoil, Phillipe Mathieu.

Phillipe Mathieu

Phillipe Mathieu er direktør for felles driftsstøtte i Statoil.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det er Statoil som er den største kunden for helikopterselskapa på norsk sokkel. Men Mathieu er ikkje samd i at rammevilkåra er for dårlege.

– Me ser ikkje det per i dag. Kvar gong når me ser på nye kontraktar, gjer me ei heilheitleg vurdering av ulike element, og den finansielle situasjonen til våre leverandørar er blant dei, seier Mathieu.