Hopp til innhold

– For enkelt å legga ansvaret på skulen

Utdanningsforbundet i Rogaland er kritisk til bruk av straff overfor skular for å få bukt med mobbing. Dei får støtte av ei som fekk store delar av ungdomstida si øydelagt på grunn av mobbing i skulen.

Silje Marie Strandberg

Silje Marie Strandberg åtvarar mot å legga for mykje mobbeansvar på skulane.

Foto: Arild Eskeland

– Eg opplevde tisking og kviskring. Eg blei peika på medan dei lo. Utfrysing. Lappar som blei sende på meg. Viskelêr som hagla ned i ryggen.

Slik skildrar Silje Marie Strandberg sin skulekvardag. Mobbinga i grunnskulen kosta ho 10 år i psykiatrien etterpå. Ein gong prøvde ho å ta det opp med ein lærar.

– Eg skreiv i loggboka til klasseforstandaren min at eg ville bytta klasse fordi eg kanskje hadde nokon å vera med der. Det blei møtt med rein avvisning.

Vil endra lova

Gunn Reidun Tednes-Aaserød

Leiar for Utdanningsforbundet i Rogaland, Gunn Reidun Tednes-Aaserød.

Foto: Julie Renée Buene / NRK

Historia til Silje Marie Strandberg er langt frå unik, og nå vil kunnskapsministeren endra lova slik at rektor og skuleeigar får ansvaret dersom det går føre seg mobbing i skulen.

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen vil endra lova slik at skular som ikkje gjer det dei skal, kan få dagbøter av Fylkesmannen.

– Det er eit ris bak spegelen. Dagens klageordning fungerer ikkje bra nok. Klageordninga må bli raskare, enklare og betre. Elevar skal kunne gå rett til fylkesmannen. Dette meiner me skal tvinga fram handling der det trengst, seier Røe Isaksen.

Silje Marie Strandberg, som fekk øydelagt store delar av ungdomstida si på grunn av mobbing i barne- og ungdomsskulen, åtvarar mot å legga for mykje ansvar på skulane.

– Eg tenker det ikkje er rett å legga det heile og fulle ansvaret på skulen. Sjølvsagt har dei eit stort ansvar, men eg meiner det er for enkelt å berre legga skulda der. Eg meiner òg foreldre må mykje meir inn i bilete her, meiner Strandberg.

Utdanningsforbundet: – Hjelpelaust tiltak

Grete Sørensen Vaaland

Åtferdsforskar ved Universitetet i Stavanger, Grete Sørensen Vaaland.

Foto: Magnus Stokka

Utdanningsforbundet i Rogaland kallar tiltaket frå kunnskapsministeren hjelpelaust. Deira reaksjon er at nok ein gong er det skulen som skal ordne opp i det som ikkje er bra i samfunnet.

– Skulen har sitt ansvar, og rektor har plikt til å kartlegga dersom det blir åtvara om mobbing. Men me kan ikkje seia at dette berre gjeld skulen. Her må me som foreldre
òg ta vår del av ansvaret, seier leiar Gunn Reidun Tednes-Aaserød.

Åtferdsforskar ved Universitetet i Stavanger, Grete Sørensen Vaaland, trur konfliktnivået i skulen ville auka med berre straff og bøter som verkemiddel. Heldigvis er det ikkje slik, ifølge ho.

– Intensjonen med dette er ikkje at fleire mobbesaker skal hamna hos klageinstansane, men at skulane skal løysa saker på eit tidlegare tidspunkt. Då er kompetanse og stønad svært viktig i den pakken som nå blir lansert.

Ho poengterer at dei fleste mobbesaker kan løysast dersom dei rette tinga blir gjort.

– Skulane må ha støtte og tilgang på kompetanse utanfor sitt eige hus. Det blir for tøft å stå åleine. Prinsipielt handlar det om å setja grenser for barna og følgja opp, seier åtferdsforskaren.

Flere nyheter fra Rogaland