Hopp til innhold

Høgreekstreme grupper utviklar nettsider

Kvifor blir ein familiefotograf frå Jæren offentleg medlem av ei nazi-venleg facebookgruppe? Og kvifor delar ein profilert KrF-politikar ein rasistisk artikkel på sin opne Facebook-profil? – Fordi dei har gått på den høgreekstreme limpinnen, ifølgje redaktør i Humanist.no, Didrik Søderlind.

Facebook

Mange har vore uheldige med korleis dei framstår på sosiale medium. Derfor er det viktig at me passar på kvarandre, ifølgje Didrik Søderlind.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

– Det har dei siste åra vore ein bevisst strategi frå særleg høgreekstreme og nazistiske grupper at dei utviklar nettsider som ser tillitvekkande ut, seier redaktør i Humanist.no, Didrik Søderlind. Han er oppteken av politisk ekstremisme, og følg godt med på kva som skjer i høgreekstreme miljø på internett.

Didrik Søderlind

Didrik Søderlind er redaktør i Humanist.no og rådgjevar for Humanetisk forbund.

Foto: Arnfinn Pettersen

Han forklarar at nettsidene og gruppene ofte prøver å stå fram som stovereine for å vinna terreng og kredibilitet. Derfor kan det vera lett for folk å tabba seg ut på sosiale medium, der ein melder seg inn i grupper og deler artiklar til venar og føljarar.

– Alle går på limpinnen rett som det er, det har eg også gjort sjølv, seier han.

Melde seg ut av gruppa straks

Ein som nyleg gjorde dette var ein fotograf frå Jæren, som vil vera anonym. Han, og fleire andre, var uvitande medlem av Facebook-gruppa «Borgervernet Rogaland». Ei gruppe som sympatiserer med Nordfront, som vidare samarbeider med Svenska Motståndsrörelsen. Ei rørsle som mellom anna stod bak eit valdeleg angrep på ein fredeleg demonstrasjon mot rasisme i Sverige i desember i fjor.

Jærbuen visste ikkje at han var medlem av gruppa då NRK.no tok kontakt med han i samanheng med ei sak som blei laga.

– Kjenner du til kva gruppa står for?

– Ja, eg har jo fått det med meg gjennom media dei siste dagane, og det er absolutt ikkje ting eg sjølv står for. Eg veit ikkje korleis eg har blitt medlem, men skal melda meg ut, seier han.

To minutt etter var han vekke frå medlemslista til nettstaden. Didrik Søderlind meiner at det er viktig for denne type grupper med høge medlemstal, sjølv om fleire av dei som er medlemmar er uvitande.

– Alle høgreekstreme grupper av denne typen ønsker å vera folkeleg forankra, men dessverre for dei er dei nesten aldri det, seier han.

I tillegg til at jærbuen personleg tar avstand for kva gruppa står for, meiner han det kan vera skadeleg for yrket hans som familiefotograf, dersom han er medlem av kontroversielle Facebook-grupper.

NRK er også kjent med at andre har vore medlemmar av gruppa, utan å vera klar over det.

Facebook-deling

Denne lenka til Fyret.nu blei delt av ein sentral KrF-politikar før valet i fjor.

Foto: Skjermdump

KrF-politikar delte rasistisk artikkel

Eit anna døme, og kanskje meir alvorleg, var då ein profilert KrF-politikar før valet i fjor delte ei uheldig lenke på sin offentlege Facebook-profil.

Lenka gjekk til ein artikkel skriven av redaksjonen i den svært kontroversielle nettsida «Fyret.nu». Ei side som forkastar prinsippa i Vær Varsam-plakaten og som har eit stort utval av rasistiske artiklar. (Sida blei lagt ned i februar, men eksisterer vidare på Facebook.)

– Fyret.nu er ei av dei verste sidene som finst der ute. Det er ei side som spreiar grov desinformasjon, og det er veldig lurt å ikkje dela ting frå dei, seier Søderlind.

Ole Tom Guse

Ole Tom Guse (KrF) er ordførar i Forsand. Han var ein av dei som sa frå då kollegaen hans delte ein artikkel frå Fyret.nu.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Mange delte likevel denne artikkelen, også KrF-politikaren. Overskrifta var «Norskættet nektes opphald i Norge», og den handla om ein sak som engasjerte politikaren. Ved første augekast såg den stoverein ut. Men dersom ein leste artikkelen frå A til Å var det lett å sjå at den var gjennomsyra av rasistiske haldningar.

I kommentarfeltet blei KrF-aren gjort oppmerksam på at det ikkje var særleg lurt å dela lenka. Og dagen etter var den fjerna. Politikaren fortalde til NRK.no at ho ikkje var klar over kor lenka kom frå, men ville ikkje stilla opp til intervju sidan ho ikkje ville via nettstaden meir merksemd.

Ein av dei som råda politikaren til å fjerna lenka var KrF-kollega Ole Tom Guse, som er ordførar i Forsand kommune. Han har sett fleire døme på dette, og prøver alltid å sei ifrå på ein hyggeleg måte.

– Når ein ubevisst trykker «liker» eller deler ein artikkel gir ein inntrykk av at det er greitt å ha slike meiningar. Me er alle førebilete for nokon, og ting spreiar seg veldig fort på Facebook, seier Ole Tom Guse.

Han meiner at dette vil bli ekstra lagt merke til og fort snakka om dersom det er ein politikar som deler ei grumsete lenke.

– Derfor prøver eg å tipsa andre, i tillegg til at eg er ekstra bevisst sjølv. Det er fort gjort å trø feil, og me treng kvarandre for å hjelpa til.

– Ønsker å setja premiss for debatten

Didrik Søderlind støtter Guse sine tankar rundt dette fullt ut, han meiner at det framleis er svært viktig med gode «digitale nabokjerringar». Men først og fremst bør folk vera kritiske til kva dei sjølv legg ut.

– Eg oppmodar alle som lenkar noko på Facebook om først å gjera ein overflatisk sjekk av kva det er dei spreiar, men det er også lurt å sjekka inni mellom kva grupper ein er medlem av, seier han.

Spesielt viktig er det at politikarar er forsiktige, meiner han.

– Folk med tonegivande stemmer i eit samfunn har eit ekstra ansvar. Me må likevel ikkje gløyma at det ofte er ein strategi frå høgreekstreme nettsider å få folk til å dela sakene deira, så viss du ikkje kjenner miljøet eller veit heilt kven som står bak kan det vera lett å gå på limpinnen. Derfor skal me heller ikkje korsfesta nokon for å ha delt ei lenke i vassvare, seier Søderlind.

– Men kva tener desse sidene på å bli delte?

– Då Ålesund kommune søkte om å få ha utanlandske flag i 17. mai-toget fekk til dømes ei obskur nazi-nettside spela ein tonegjevande rolle norsk samfunnsdebatt ei lita stund. Det er ein kjempesiger for denne gruppa. Det er bra at me har ein debatt om norskheit, innvandringspolitikk i Norge og så bortover, men det er veldig synd om nynazistar får diktera premissane for debatten. Derfor er det viktig at me passar på kva me deler, og at me passar på kvarandre.