– Mitt inntrykk er at Gladmatfestivalen 2016 har vore ein suksess, seier leiar for festivalen, Mona Vervik.
Festivalen fekk den best tenkelege starten på onsdag, med strålande sol og temperaturar opp mot 30 grader. Og det gode vêret haldt seg heilt fram til laurdag, som var festivalens siste dag.
Leiar for Gladmatfestivalen, Mona Vervik, meiner det har vore ein bra festival.
Foto: Marianne Terjesen / NRK- LES OGSÅ:
Det trur Vervik har bidrege til eit godt oppmøte, sjølv om dei ikkje kan seia sikkert kor mange som har møtt opp.
– Det er heilt umogleg å seia, for folk må ikkje kjøpa billett for å koma inn. Men med eit slikt fantastisk vêr som me fekk, så kan me jo kanskje tenka oss at det var publikumsrekord, seier Vervik.
Tidlegare har det blitt estimert at opp mot 250.000 menneske er innom festivalen kvart år.
Gode tilbakemeldingar
Ho seier at det har vore kjekt å vera leiar for festivalen i løpet av desse dagane, for folk har kome heilt uoppfordra opp til henne og takka henne for ein fin festival.
– Mitt inntrykk er at det er ein festival som folk er veldig glade i. Tilbakemeldingane er at sjølv om det er mykje folk, så er det godt å ferdast rundt på festivalen.
I år har også festivalen blitt arrangert fleire stadar i byen. Serveringsstadane i Fargegata har blitt med for første gong, og det har vore svært populært.
– Gladmat i Fargegata har vore ein suksess, det kan me berre slå fast, seier Vervik.
Formidlar matkultur
Vervik meiner også at deit har blitt betre på å få fram kva festivalen eigentleg handlar om.
– Eg trur me i mykje større grad har greidd å koma ut med bodskapen om at det festivalen ikkje berre handlar om telt, men at den handlar om at me vil formidla matkultur.
- LES OGSÅ: