Hopp til innhold

Drosjedirektør: – Aldri opplevd så stor frustrasjon som nå

Mange drosjesjåførar i Stavanger køyrer nå skift på opp mot 12 timar for å tena det same som dei før gjorde på 7–8 timar. Nå ber dei politikarane trekkja tilbake utlyste drosjeløyve som ikkje er tildelte.

Geir Meling

FRUSTRERT: Drosjeeigar Geir Meling varslar spontanaksjonar dersom politikarane ikkje trekkjer tilbake utlyste drosjeløyve som ikkje er tildelte.

Foto: Øystein Ellingsen

– Køane blir tettare og tettare, særleg nå når me går inn i vintersesongen, seier drosjeeigar Geir Meling.

På få år har trafikken på Nord-Jæren eksplodert. Det betyr færre turar, mindre inntening og lange arbeidsdagar.

– Dei siste fem åra har arbeidstida for ein vanleg sjåfør auka med 5–6 timar. Me må altså strekkja arbeidsdagane med fleire timar for å tena det same som før, så gale er det, seier han.

Ber politikarane trekkja tilbake løyve

Medan drosjesjåførane stangar i kø i rushet blir det mange lange og roleg timar på dagen. Administrerande direktør i Stavanger Taxi, Svein Svimbil, seier frustrasjonen aukar kvar dag blant sjåførane.

– Eg har vore i bransjen i seks år og aldri opplevd så stor frustrasjon som nå, seier han.

For samtidig som sjåførane står i kø, kjem stadig fleire drosjar ut på vegane. Nå ber Svimbil fylkespolitikarane trekkja tilbake utlyste løyve som ikkje er tildelte.

– I dag kjem det fleire løyve inn i køyreområdet vårt, og det blir færre kundar. I tillegg er trafikken rimeleg håplaus i rushet. Summen at dette gjer at frustrasjonen blir stor. Nå vil me at politikarane kjem på bana og seier at me held igjen nokre løyve, seier han.

– Ikkje aktuelt

Men ifølgje leiar av samferdsleutvalet i fylket, Ellen Solheim, er det ikkje aktuelt å trekkja tilbake utlyste drosjeløyve. Ho viser til at det ikkje er tildelt nye drosjeløyve i 2013.

– Det me har gjort er å lysa ut løyve som er tidlegare tildelt, men nå blitt ledige igjen, seier ho.

– Er det generelt for mange drosjeløyve i dag?

– Det veit me ikkje. Det er fylkeskommunen som regulerer dette og me har bede om ei ny sak tidleg neste år der ein ser på behovet for nye løyve.

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylket og medlem av samferdsleutvalet, Tom Tvedt, forstår frustrasjonen i drosjenæringa.

– Sett frå vår side har ein pøst på med nye løyve som nå har resultert i at bransjen slit, seier han.

Han seier ein nå bør få til ein gjennomgang av heile næring. Etter det bør ein vurdera om ein skal trekkja tilbake løyve.

Varslar spontanaksjonar

I slutten av mai demonstrerte drosjesjåførane i Stavanger mot at politikarane tildelte nye løyve. 200 drosjar var med i protestaksjonen.

Nå ska drosjenæringa og samferdselspolitikarane snart møtast for å diskutera situasjonen.

Og dersom ikkje politikarane trekkjer tilbake utlyste løyve som ikkje er utdelte, trur Svein Svimbil at det fort det kan bli nye aksjonar. Då stiller i alle fall drosjeeigar Geir Meling.

– Me hadde ei snill markering førre gang. Dersom politikarane ikkje vil høyra på oss, må me ta i bruk dei midla me har. Då blir det spontanaksjonar, varslar Meling.

200 taxier kjører på rad og lager kø i Stavanger sentrum. De aksjonerer for å markere motstand mot tildeling av flere drosjeløyver.

VIDEO: Sjå reportasjen frå mai om drosjeprotesten i Stavanger.