Hopp til innhold

Her har ingen korona: Nesten 100 kommunar framleis smittefrie

Fem veker etter at korona-tiltaka vart innførte, er 98 kommunar framleis smittefrie. Noregs minste kommune er ein av dei.

Marte Eide Klovning

ØYKOMMUNE: Utsira ligg i Nordsjøen, 18 km vest for Haugesund. Ordførar Marte Eide Klovning har ikkje vore strengare enn regjeringa har pålagt henne, men kommunen hennar er likevel utan smitte.

Foto: Torkel Anstensrud Schibevaag / NRK

– Vi er heldige som bur så isolert, seier ordførar i Utsira, Marte Eide Klovning.

Med sine 198 innbyggarar er øykommunen i Rogaland landets minste, målt i folketal.

Av Noregs 356 kommunar har 98, altså 27 prosent, ikkje hatt smittetilfelle sidan epidemien starta, viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Siri Helene Hauge

SMITTESPREIING: Overlege og spesialist i samfunnsmedisin i FHI, Siri Helene Hauge, trur alle kommunar etter kvart vil få påvist koronasmitte.

Foto: Privat

Mange av desse er små kommunar, ifølgje overlege Siri Helene Hauge ved instituttet.

– Det kan vere tilfeldig, men også eit resultat av at ein har fått mindre mobilitet i befolkninga. Hadde ein ikkje innført dei strenge tiltaka i mars, ville nok langt færre kommunar hatt null smitte i dag, seier Hauge.

Nokon som blir koronasmitta har få eller ingen symptom. Tala kan difor vere usikre, men Hauge trur uansett at det ikkje er store utbrot i dei 98 kommunane som no er smittefrie på papiret.

– Det ville ein ha plukka opp ved at nokon før eller sidan hadde vorte alvorleg sjuke og behandlingstrengande.

Fryktar smitte frå hyttefolk

Utsira har halde nullen utan eigne restriksjonar. Dei har halde seg til dei nasjonale.

Regjeringa innførte for fem veker sidan dei strengaste tiltaka i Noreg i fredstid, men i tida framover blir fleire tiltak gradvis oppheva.

Utsira

HYTTEDOMINANS: Noregs minste kommune i folketal har fleire hytter enn heilårsbustader. Snart kjem hyttefolket tilbake, og mange er spente på utslaget.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Utsira-ordføraren er ikkje redd for at barnehage og skule gjenopnar, men er meir skeptisk til at hytteforbodet blir oppheva frå førstkommande måndag.

– Dei kunne ha venta litt lenger. Folk her er skeptiske og fryktar at det skal ramle inn med hyttefolk. Vi blir ikkje like trygge lengre.

Øya har 90 fritidsbustader, men berre 70 heilårsbustader.

– Eg forstår ikkje logikken i å oppheve hytteforbodet, og samtidig be folk unngå det helseminister Bent Høie beskriv som «unødvendige fritidsreiser». Det er sjølvmotseiande, seier Eide Klovning.

– Liten effekt

Også Bjerkreim kommune er så langt smittefri, sjølv om han er Rogaland femte største arealmessig, med mange pendlarar til Stavanger og Sandnes, og mange hytter.

Ordførar Kjetil Slettebø trur årsaka er hytteforbodet og den spreidde busetnaden i landbrukskommunen, som har 2787 innbyggarar.

I tillegg har Bjerkreim delt dei tilsette i helse- og omsorgstenesta inn i fire team, sånn at dei ikkje har kontakt på tvers.

Kjetil Slettebø

HELD NULLEN: Ordførar i Bjerkreim, Kjetil Slettebø (Sp), trur dei er ein smittemessig fordel å vere landbrukskommune, der folk held seg mykje heime på garden.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Han er ikkje så redd for at hytteforbodet blir oppheva, og viser til at det er kort avstand til helsetenestene i Stavanger og Egersund.

– Vi vil ikkje vere nokon brems på folk som vil på hytta, så lenge dei er friske.

Alle kommunar vil bli ramma

FHI-overlege Siri Helene Hauge seier det har vorte vanskeleg å føreseie spreiinga av covid-19. Ho trur likevel at alle kommunar vil få påvist smittetilfelle etter kvart.

Også ordføraren i Utsira trur det vil skje. No håper ho at hytteeigarane er forsiktige.

– Vi er veldig glad i hyttefolket som kjem hit. Og dei som driv næring på øya treng jo inntektene.

Noko lokalt hytteforbod blir det ikkje aktuelt å innføre på Utsira, seier Eide Klovning.

Flere nyheter fra Rogaland