Hopp til innhold

17. mai mot halloween

Barna har talt: Gamal norsk tradisjon er ikkje like populært som ny amerikansk.

17. mai og Halloween

Bunad og norske flag mot skumle sminker og tigging om godteri.

Foto: Solum, Stian Lysberg /Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Mange omtalar 17. mai som barnas dag, men kor kjekt synes eigentleg barn i dag det er med bunad, norske flag og tog?

  • Kva dag likar du best? Stem nedst i artikkelen.

NRK samla saman eit ekspertpanel med fjerde-klassingar frå Smeaheia skole i Sandnes, desse fekk i oppgåve å laga ei topp-ti-liste over dei kjekkaste dagane i året. Talen deira var klar: Nasjonaldagen er ikkje lenger like stas.

17. mai vs. Halloween

Fjerde-klassingane på Smeaheia skole plasserar 17 mai på 6. plass på lista si over kjekke dagar. Live Hjulstad, Mari Sagen Skandsen, Markus Tollefsen, Jørgen Tonning Vestly, Kristine Å. Skogland og Bjørnar Olsen-Hagen Sømme.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Kjedelig med tog

For å gå i tog i finklede i mai er ikkje like kjekt som til dømes å skremma folk på dørene og få snop ein mørk novemberkveld:

– Det er kjekt å skremma folk, få godteri og sminka seg, seier Kristine Å. Skogland som går i fjerde klasse.

– Men er det ikkje kjekt med 17. mai toget?

– Nei det er kjedelig!

Når dei samstemde barna blir bedd om å trekka fram positive ting med 17. mai er det andre ting enn iskrem og flag som er stas:

– Det kjekke er at du kan springa ute å leika med sprayboksar og spraya på folk, seier ein av gutane.

Derfor hamna ikkje nasjonaldagen heilt nedst på lista deira som blei utarbeidd gjennom diskusjonar og ein demokratisk prosess.

Slik blei topp-ti-lista:

Topp 10 dagar

Slik blei lista til fjerdeklassingane sjåande ut til slutt.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Høyr korleis barna argumenterar:

Skal synga i toget

På toppen av lista ruvar 1. sommarferiedag:

– Den er kjempekjekk! Den elskar eg! Du vaknar og har ei kjempegod kjensle for du har fri i seks veker framover, seier ei av jentene.

Julaftan hamnar på andre plass, medan den nyare tradisjonen med Halloween-markering i Norge kjem så høgt på lista som tredjeplass.

Smårollingane i 2011sett altså meir pris på 1. sommarferiedag enn julaftan, og synes det er kjekkare med halloween enn 17. mai.

Men ikkje alle amerikanske tradisjonsdagar slår like godt an hos ekspertpanelet. Valentinsdagen er ikkje noko særleg seier dei:

– Æsj, kjem det frå alle.

– Det er kyssedagen, eller kjærleiksdagen, og det likar eg ikkje noko særleg, utdjupar ein av gutane.

Sjølv om 17. mai ikkje lenger er like stas lovar dei unge at dei skal syngja for full hals i toget i morgon og stemmar alle saman i eit hipp hurra for 17. mai.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.