Hopp til innhold

Her får dei gratis frukost på skulen, men berre ein av fem tek imot

Berre 17 prosent tek imot gratis frukost når skulen tilbyr det. – Eg er ikkje overraska, seier elev Sam Gritc.

Sam Gritc

Sam Gritc trur fleire hadde drege nytte av tilbodet om gratis frukost på skulen om tilbodet hadde vore meir variert enn havregraut.

Foto: Anders Haualand / NRK

Sam Gritc trur fleire hadde drege nytte av tilbodet om gratis frukost på skulen om tilbodet hadde vore meir variert enn havregraut.

Foto: Anders Haualand / NRK

Gratis skulemat er eit tema som ofte er oppe til heftig debatt.

Det er også svært etande for den nye regjeringa, sidan alle parti til venstre for Pasientfokus har programfesta å kjempe for gratis mat på norske skular.

I Hurdalsplattforma legg dei fram at gratis skulemat gradvis skal bli innført.

Dei vidaregåande skulane i Rogaland har allereie hatt gratis frukost til sine elevar i to år.

Men ei ny evaluering syner at det berre er 17 prosent av elevane som jamleg dreg nytte av tilbodet.

Ein av tre tek imot gratis mat av og til.

Havregraut til frukost ved Jåttå vidaregåande skule

Havregraut står på menyen om morgonen når elevane ved Jåttå vidaregåande i Stavanger kjem inn dørene til skulen om morgonen.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Tilbodet kunne vore betre

– Frukost er frukost, for å sei det slik.

Sam Gritc er av dei som et frukost på skulen nesten kvar dag. Elevane tykkjer om at det i det minste er eit tilbod.

– Det kan vere stress for mange å ete frukost om dei ikkje rekk bussen og slikt.

Om utvalet hadde vore noko meir variert, trur Gritc fleire av elevane hadde drege nytte av tilbodet.

– Det er ikkje alle som likar graut, so.

  • Les også:

Vil lære meir

Solveig Ege Tengesdal, leiar av opplæringsutvalet i fylkestinget i Rogaland, tykkjer at statistikken ikkje er so gale.

– Eigentleg er det bra. Det er jo nærare 2000 elevar ved dei vidaregåande skulane som dreg nytte av det, seier Tengesdal.

Solveig Ege Tengesdal (KrF)

Rogaland fylkeskommune driv også følgjeforsking som gjev dei informasjon om testordninga i fylket, fortel Solveig Ege Tengesdal.

Foto: Anders Haualand / NRK

Ho trur endå fleire kunne tenkt seg å få gratis mat, men trur fylkeskommunen har ein jobb å gjere med å informere elevane.

– No ser vi på moglegheita for å få det inn som eit spørsmål i Ungdata-undersøkinga.

Ungdata er ei landsdekkande årleg undersøking av elevar frå mellomtrinnet til vidaregåande opplæring.

Gjennom å gjere skulemat eit tema her, vonar Tengesdal å få meir informasjon om kva born og unge ynskjer av skulen.

Meir dialog

– Eg tenkjer at elevane gjerne må kome litt meir på bana og sei kva dei ynskjer. Kanskje vi kan jobbe litt meir saman for å auke den delen, seier Jan Arvid Thorsen.

Han er kantinesjef på Jåttå vidaregåande og trur statistikken kan bli mykje betre.

Jan Arvid Thorsen

Jan Arvid Thorsen er kantinesjef på Jåttå vidaregåande skule. Han er viss på at tilbodet vil bli meir brukt om ein inkluderer ungdomane meir.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Eg trur det er vegen å gå: Litt meir dialog, so skal vi fikse dette her, seier han.

Ordninga i Rogaland har no hatt ei midtvegsevaluering, og skal halde fram til 2023.

Tengesdal seier ho forventar nasjonale midlar frå den nye regjeringa til å vidareutvikle og lære meir om gratis skulemat, for slik å vere med å legge til rette for nasjonal politikk.