Kø kvar morgon
For å få plass må interesserte stille i kø kvar morgon. Køen vert ordna inne i rettslokalet på Forus.
Det vert ikkje råd å reservere plass seier sorenskrivar i Stavanger, Helge Bjørnestad.
Han trur ikkje det vert nokon kø fordi saka kjem til å få brei omtale i media. Bjørnestad håper likevel at folk møter.
Sjeldant stort publikum
- Langt fleire enn vanleg vil få plass under denne saka, seier Bjørnestad. I den store lagmannsrettssalen i Stavanger tinghus er det plass til i underkant av 100. Bjørnestad trur det kanskje aldri har vore så mange tilstades under ei rettssak tidlegare.
Kontroll av publikum
- Dei som vil følge rettssaka må rekne med ei viss form for kontroll, seier Bjørnestad. Det vert ikkje snakk om kroppsvisitering, men ein kontroll på linje med tryggleikskontrollen før ei flyreise. Det vert ikkje høve til å ta med seg gjenstandar inn i rettssalen som ein ikkje har bruk for, seier Bjørnestad.