Hopp til innhold

150 millionar flasker og boksar hamnar utanfor panteautomaten

I 2018 vart nesten 1,2 milliardar boksar og flasker panta. Det er ny rekord. Likevel hamna overraskande mange einingar i naturen og i bosset.

pant boks

I tillegg til det som blir panta, blir det fanga opp emballasje frå avfallsinnsamlinga som blei resirkulert. Heile 7918 tonn aluminium og 20.568 tonn plast vart resirkulert i 2018.

Foto: Katrine Lunke

– Ingen pantar meir enn nordmenn, seier administrerande direktør i Infinitum, Kjell Olav Maldum.

Infinitum eig og driftar pantesystemet som er i Noreg i dag.

I fjor kom det nye pantesatsar, og det har ført til fleire panteglade menneske. Likevel er det eit stykke å gå.

Ifølge direktøren er det 150 millionar einingar i året som ikkje vert panta.

Pant, tomme bokser og flasker

Alt for mange boksar og flaskar vert ikkje panta.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Veit du kor dei boksane og flaskene som ikkje vert panta blir av?

– Informasjon viser at mykje hamner i restavfall. Men der skal det jo sjølvsagt ikkje. Noko hamner også i naturen: Det er enno verre.

Pengar og miljø

I Noreg finst det om lag 3700 panteautomatar, og 12.000 innleveringsstader for pant, og no får du to kroner for ein boks eller ei lita flaske, og tre kroner for dei store.

– Etter at panten auka er det foreløpig rundt tre prosent auke i innsamling av pant på boksar, og ein prosent på flasker, seier Maldum

Kjell Olav Maldum

Administrerande direktør i Infinitum, Kjell Olav Maldum.

Foto: Infinitum

Han legg til:

– Me har høgare innsamling enn noko anna innsamlingssystem du kan samanlikna med. Mykje på grunn av den økonomiske motivasjonen.

I tillegg meiner Maldum at innsamling har stor påverknad på miljøet.

– Plast i naturen er noko herk, det er det ikkje tvil om. Likevel er plast eit fantastisk materiale. Når du resirkulerer plast for andre gong, bruker du veldig lite energi, seier han.

Dyr og fuglar får svi

For nokre dagar sidan la den amerikanske advokaten John Oberg ut ein video på Facebook som viser ei svane som bygger reir av plast, flasker og avfall, som ho fann i kanalen i Amsterdam. Over 100.000 personar har til no delt videoen.

I kommentarfeltet har i tillegg mange andre delt bilete som viser triste levekår for fuglane våre.

– Hjarteskjerande, skriv Heid Antonsen, samstundes som ho deler bilete frå Danmark.

Svane lever i søppel

Slik har svana i Danmark det: I 2001 viste ein FN-rapport at rundt 1 million sjøfuglar, 100 000 sjøpattedyr og eit ukjent tal fiskar og andre dyr blei skada det eller drepen kvart år som følge av søppel i havet.

Foto: Heidi Antonsen

Maldum seier at problemet gjeld i Noreg også.

– Ein kork kan fort ta livet av ein fugl eller eit anna dyr, seier Kjell Olav Maldum.

Tidlegare har NRK skrive om kyr som døyr, på verst tenkeleg måte, etter å ha fått i seg metall frå øl-eller brusboksar.

– Me er gode, men kan sjølvsagt bli enno betre. Det er viktig at folk ikkje lar flasker og boksar slenga i naturen.

Ryddedugnad

I 2018 blei rydding av naturen verkeleg sett på dagsorden med blant anna «Heile Noreg ryddar» og dokumentarserien «Planet Plast».

Torsdag gjentar NRK Rogaland suksessen og arrangerer «Hele Rogaland rydder» for tredje gong.

NRKs reporter i Haugesund, Thomas Halleland, satte av litt ekstra tid for å plukke søppel på vei til jobb. Det holdt ikke.

NRK sin reporter i Haugesund, Thomas Halleland, sette av litt ekstra tid for å plukka søppel på veg til jobb. Det heldt ikkje.

– Dette er ein av dei viktigaste dugnadane du kan delta på i år, seier distriktsredaktør i NRK Rogaland, Ragnar Christensen.

Årets aksjon skjer samstundes som Hold Norge Rent har strandryddeveka over heile landet.

Dersom du ønsker å rydde på ei strand, langs elver eller rundt vatn, oppfordrar NRK Rogaland folk til å registrere seg her. Det er ikkje naudsynt å registrere seg for å vere med, men ved å registrera seg viser folk til NRK Rogaland kor og når ein ryddar.