Hopp til innhold

13 turistar berga ned frå fjellet

Norsk Folkehjelp måtte måndag kveld hjelpa 13 nederlendarar som hadde gått seg fast i eit svært bratt terreng i Forsand. – Dei var kalde, trøytte og nervøse då me fann dei, seier beredskapsleiar Arne Alsvik.

13 nederlendarar berga ned frå fjellet

Turistane på veg ned fjellet etter å ha fått lommelykter og varme klede frå mannskapet til Norsk Folkehjelp Strand og Forsand.

Foto: Norsk folkehjelp Strand og Forsand

Like før klokka 18 fekk politiet i Rogaland melding om 13 turistar frå Nederland som har gått seg fast på Viddasfjellet i Forsand kommune.

– Dei gjekk opp på ein topp, men ville gå ei anna rute tilbake. Dei kom eit lite stykke, men har nå gått seg fast, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Kurt Løklingholm, til NRK klokka 20.

Turgåarane hadde med seg GPS slik at politiet kunne få posisjonen deira. Norsk Folkehjelp rykka ut med seks personar for å finna dei.

Berga ned frå fjell

Turistane hadde gått seg fast i eit svært bratt terreng.

Foto: NORSK FOLKEHJELP STRAND OG FORSAND

– Dei hadde dongeri og joggesko

– Me splitta oss i tre lag, og har nå funne dei. Dei var kalde, trøytte og nervøse då me fann dei, men nå har dei fått på seg ull, og stemninga er på veg opp, seier beredskapsleiar Arne Alsvik frå Norsk Folkehjelp Strand og Forsand.

Då han snakka med NRK like over klokka 22 hadde dei ein halvtime att før dei var heilt nede ved vegen. Området dei blei funne i var svært bratt.

– Korleis var dei kledde?

– Ikkje spesielt bra. Fleire hadde berre joggesko og dongeriklede, seier Alsvik, som reknar med at aksjonen vil vera avslutta like etter klokka 23 sundag kveld.

Viddasfjellet