Hopp til innhold

Ingen vitne til knivstikking i Sandnes

Det er framleis ingen arresterte etter knivstikkinga i Sandnes sundag ettermiddag. I ei pressemelding skriv politiadvokat Cathrine Monsen at dei har avhøyrd fleire vitne. Det skal likevel ikkje ha vore nokon vitne til sjølve hendinga.

Den fornærma, ein mann i 30-åra, er framleis på sjukehus og er ikkje avhøyrd.