Hopp til innhold

4-ÅRING LETTARE SKADD ETTER FALL:

4-åringen som fall ned ein fjellskrent i Dirdal i går kveld, fekk hjerneristing og skrubbsår, og blir rekna for å vera lettare skadd. Han og ein 5 år gamal gut hadde gått på tur. 4-åringen hadde klatra opp i eit tre, ramla ned og hamna på ein fjellskrent. 5-åringen sprang heim og varsla familien, som igjen fekk varsla redningstenesta.