Hopp til innhold

Barn falt utfor fjellskrent

  • 4-ÅRING LETTARE SKADD ETTER FALL:

    4-åringen som fall ned ein fjellskrent i Dirdal i går kveld, fekk hjerneristing og skrubbsår, og blir rekna for å vera lettare skadd. Han og ein 5 år gamal gut hadde gått på tur. 4-åringen hadde klatra opp i eit tre, ramla ned og hamna på ein fjellskrent. 5-åringen sprang heim og varsla familien, som igjen fekk varsla redningstenesta.

  • BARNET TIL SJUKEHUS:

    Barnet som falt ned ein fjellskrent i Dirdal, ein gut i fireårsalderen, er henta ned frå fjellhylla ved hjelp av redningshelikopter og redningsmann. Guten blir frakta rett til sjukehus med helikopter. Guten har hovudskadar.

  • BARN FALT MELLOM 2 OG 10 METER:

    Barnet som falt utfor ein fjellskrent i Dirdal skal ha falt mellom 2 og 10 meter, opplyser Rogaland brann og redning IKS. Det var vakent og bevisst då redningsmannskap kom fram til barnet, som skal vera i 4-årsalderen. Både redningshelikopter, luftambulanse, politi og brannkorps er på staden. Det blir jobba med å løfta barnet ut no, men skadeomfanget er ikkje kjend.