NRK Meny
Normal

– Dette er ein kunst

NM i pløying går føre seg på Jæren denne helga. Både deltakarar og dommarar ser på dette som kunst.

NM i pløying pågår for tida på Jæren. - Dette er ein kunst, seier både dommarar og deltakarar

Deltakarane i NM pløyer ein strekning på 80 meter og det blir køyrt att og fram fleire gonger.

– Det er jo retning og utsjånad på veitene som er viktig, at dei blir like store og like djupe. Og så må du passa deg for ikkje å gå over tida. Då blir det mykje tidstrekk. Du må passa veldig godt på det.

Det er deltakar Jan Erling Aurstad frå Akershus, som seier dette. Aurstad er ein av dei beste i kategorien "teigplog". Det er i denne klassen det skal kårast kongepokalvinnar i år, og den som går til topps blir også deltakar i VM i pløying i Danmark.

Men Aurstad vedgår at det er vanskeleg å pløye godt når han er på Jæren.

– Frå Austlandet er eg vant med å pløye i leirjord. Her er det sandjord, og då viser feila eg gjer veldig tydleg, slår han fast.

Deltager i NM i pløying 2014

Konkurransepløying krev god konsentrasjon og retningssans.

Foto: Anders Fehn / NRK

Retning er viktig

Magne Fuglestad er dommar i konkurransen. Det han ser på er om retninga er god. For å få toppkarakter må linjene vera snorbeine. Konkurrentane pløyer ei 80 meter lang velte, og då skal det vera minst mogeleg krumming.

– Det dei beste gjer er kunst, seier Fuglestad.

VM til Jæren

Det er 25 år sidan sist det var Norgesmeisterskap i pløying på Voll på Jæren. Då som nå er det deltakarane på heimebane, saman med dei frå Trøndelag, Hedmark og Akershus, som gjer det best.

Nå nærmar det seg også at Norge skal arrangera VM igjen. i 2024, om 10 år, er det Norge sin tur for å ta imot arrangementet.

Frå NM i pløying på Jæren

Frå NM i pløying på Jæren.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Me veit jo ikkje om Jæren vinn konkurransen om å få arrangera den meisterskapen, men det hadde vore flott om det skjedde, seier Fuglestad.

Nybegynnaren

Kristian Haugland kjem frå Jæren og er med i NM for første gong. Ikkje har han bak seg så veldig lang oppkøyring heller. Han byrja treninga for ei veke sidan og har pløgd seg gjennom tre treningskonkurransar. Manglande øving merkar han på resultata han oppnår:

– Nei, det er ikkje godt nok. Eg fekk ein sving på slutten av strekninga. I tillegg var det ein stein i jorda tidleg i løypa, som gjorde at velta ikkje la seg som den skulle. Og det neimen ikkje lett å køyra beint når det er 80 meter langt og eg berre har tre siktepinnar å styre etter.