skilleHør DK i nettradioen (brun) skilleMusikk: Bach eller Beatlesskille_slutt
3_1_banner
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet
 
 
Pierre Bourdieu (1930-2002)

Den rette smaken

Ein stor fransk intellektuell - Pierre Bourdieu – gjekk bort i januar i år, og mange sørgjer over tapet. Pierre Bourdieu var ein av dei få som i kvar epoke skriv seg inn i historia, og det er blitt sagt at tek ein Bourdieus samfunnsanalyse på alvor, får ein aldri meir fred.

Publisert 08.03.2002 15:49. Oppdatert 18.03.2002 13:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Bourdieus hovudverk er ”Distinksjonen.En sosiologisk kritikk av dømmekraften”.
Bøker endrar oss - og vårt syn på verda. Det blir hevda at Bourdieus ”Distinksjonen” er blant dei, boka har fått merkelappen moderne klassikar.

Intellektuell superstjerne

Ikkje sidan Emile Durkheim i 1897 gav ut ”Le suicide”– sjølvmordet – har ei enkelt sosiologisk undersøking vekt slik oppsikt.
Bourdieu er blitt kalla ei intellektuell supersstjerne – han vart også ei sterk stemme i den politiske debatten.

Klassesamfunnet lever

Sosiologen, antropologen, filosofen Pierre Bourdieu er serleg kjend nettopp for analysen av kva som avlar ulikskap og urett. Han ville blottleggje vår tids klassesamfunn, der han meiner kultur og utdanning spelar hovudroller. Bourdieu meiner at ulikskapen i samfunnet er blitt større, blant anna fordi skolesystemet medverkar til ulikskap. Kvalitetsutdanning er skeivt fordelt.

Makt i kulturelle symbol

Bourdieu tar fatt i kva kapital mennesket er utstyrt med – økonomisk, sosial – og etter hans meining den viktigaste: kulturell kapital. Kor ulik er smaken mellom klassene og samfunnslaga, og kva makt ligg i å ha ”den rette” smaken? Gjennom smaken held vi fast på skilnadene.
Bourdieu tar avspark i filosofen Immanuel Kants ”Kritikk av dømmekrafta”. Han meiner Kant har ei god vurdering av estetikken og smaken til dei borgarlege og herskande. Men medan Kant gjer den estetiske innstillinga til borgarskapet høgverdig, vil Bourdieu vise at borgarskapets distingverte væremåte inneber at dei både påfører seg sjølve ein viss tvang, og ikkje minst: kuar andre.
Og i dette villniset av rangstigar og merkelappar, av symbolsk makt og symbolsk vald, granskar Bourdieu også kroppen:

”Kroppsgymnastikkens grunnbevegelser er overlesset med verdier og sosiale betydninger. De fungerer som de mest grunnleggende av alle metaforer, de kan få fram en hel livsinnstilling – ”overlegen” eller ”underlegen”, ”stiv” eller ”myk”, - og derigjennom også en hel verden. ---
”Vi er alle automater i tre fjerdedeler av våre handlinger”, som Leibniz sa. ---
Hva slags forhold en har til den sosiale verden og hvilken plass en gir seg selv i den, viser seg aldri så tydelig som gjennom hvilket rom og hvilken tid en synes en har rett til å ta fra andre. Mer presist: Det viser seg i det fysiske rommet gjennom kroppen, hvilken plass en inntar gjennom holdninger og gester – som enten er sikre eller tilbakeholdne, vide eller innskrenkete – en sier jo også om mennesker som vil gi seg selv stor betydning at de tar mye plass. Og det viser seg i tiden gjennom talen, gjennom hvilken andel av taletiden en tilmåler seg, og gjennom hvordan en erverver seg denne tiden – på en selvsikker eller aggressiv måte, på en usjenert eller ubevisst måte.
Det finnes ikke noe bedre bilde på sosialiseringens logikk – som behandler kroppen som en huskelapp – enn disse settene av gester, kroppsholdninger og ord – enkle utrop eller særleg utslitte fraser – som en bare kan gå inn i, som en teaterrolle, for å så å framkalle en hel verden av ferdiglagete følelser og erfaring, som dukker opp bare på grunn av den kraften som ligger i kroppslig mime. ”

”Distinksjonen” kom på fransk i 1979, og sosiologen Annick Prieur omsette boka til norsk i 1995.

Høgde, utsjånad og sport

-Ulikskapen har mange ytringar: pengar – titlar – også utsjånad og eleganse er skeivt fordelt, til og med kor lange folk er, det er banalt, men sant, seier Bourdieu: - Di høgare i det sosiale hierarkiet, di meir høgvaksne menneske. Sjå også på kva sport folk driv med. Alt dette avføder ein arroganse som er spesielt synleg i Frankrike av historiske grunnar.

Politisk aktivist

Dei siste ti åra av livet deltok Bourdieu med liv, lyst og raseri i den politiske debatten, særleg påskunda av studiet av dei lågast på rangstigen – som nedfelte seg i boka ”La misère du monde”. Og han fyra av breisider mot sin eigen stand:
- Stort sett har intellektuelle, både i Frankrike og Europa elles, gjort sitt til å oppretthalde den sosiale systemet og sterkt medverka til å spreie nyliberalismen, gjennom å skape ei slags universell tru på nyliberalismens og marknadens velsigning. Og på at staten skal kontrollerast, dersom han ikkje til og med skal øydeleggjast. Dette er noko intellektuelle har vore med på, ofte under dekke av å vera kritiske, sa Bourdieu.

Av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, måndag 11.mars 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Sånn er livet: programleder
25 SISTE SÅNN ER LIVET
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no