Hopp til innhold
Info fra NRK

På NRK i haust

Møt fire unge menneske i Stavanger i 1969 og sjå korleis funnet av olje påverka liva deira og heile Noreg. Opplev Tyskland i 1929; nazistane er ikkje komne til makta, men du kan merke korleis noko er i ferd med å skje. Og er familien Ingebrigtsen heilt sprø eller eigentleg ganske vanlege?

Collage med Stian "Staysman" Torbjørnsen, Le Bureau-logo og Vilde Bratland Erikstad

Stian "Staysman" Torbjørnsen går inn i gullrekka, det blir ny sesong av Le Bureau og Vilde Bratland Erikstad er ny programleiar for Innafor.

Foto: Julia Naglestad, XLahache og Jonas Ruud / NRK/Canal plus

Her er noko av det du kan glede deg til på NRK i haust.

Gå direkte til:
Historiene bak: Dokumentar og fakta
Høgdepunkt i helga
Radio og podkast
For barna: Satsingar på NRK Super

Seriar


«Lykkeland» er den store dramaserien på NRK i haust. Gjennom åtte episodar følgjer vi fire unge menneske under starten på det norske oljeeventyret i Stavanger, frå 1969 til 1972. På ulikt vis formar oljeindustrien liva deira, og dei blir påverka av alle samfunnsendringane i denne tidsperioden: utviklinga av velferdsstaten, framvekst av likestilling, arbeidsinnvandring, EF-kamp og større privat rikdom. «Lykkeland» er ei forteljing om Noreg. Les meir.

Premiere i oktober på NRK1

«Babylon Berlin» er blant dei dyraste dramaseriane som nokon gong er laga i Tyskland, og er forventa å bli ein stor internasjonal suksess. Serien viser Tyskland nokre år før Hitler vinn valet, og er eit nervepirrande politisk-historisk drama. Illegal gulltransport, kupp-planar, terrorisme, korrupsjon og internasjonal våpenhandel er nokre av ingrediensane. Serien har fått svært god omtale i tyske aviser, og i Tyskland var det berre Game of Thrones som slo sjåartala for første episode ifølge The New York Times.
Premiere i september/oktober på NRK1

Hugh Grant i rolla som Jeremy Thorpe

«Jeremey Thorpe-skandalen» skapte både overskrifter og furore i Storbritannia på 1970-talet. I miniserien "Ein engelsk skandale" møter vi Hugh Grant som den ambisiøse Thorpe.

Foto: Ludovic Robert BBC/Blueprint Television / BBC

«Ein engelsk skandale» med Hugh Grant i hovudrolla er basert på ei sann historie: Jeremy Thorpe, leiar av Det liberale partiet på slutten av 60-talet, har ei skjult side, ei han på død og liv ikkje vil skal bli kjent. Det vil bety slutten på den politiske karrieren hans om forholdet til den unge Normann Josiffe (også kjent som Normann Scott) blir offentleg kjent. Forholdet mellom Thorpe og hans «Little Bunny» blir stadig meir dramatisk. «Ein engelsk skandale» portretterer Thorpe, men viser også korleis det var å vere homofil på 1960- og 1970-talet.

Alle tre episodane på NRK TV frå fredag 7. september
NRK1 i løpet av september

Kven eig nedfrosne embryo ved ei skilsmisse? Korleis takle at far dukkar opp etter 30 års fråvær? I «The Split» møter vi Hannah, ein vellukka skilsmisseadvokat med eit stadig meir komplisert privatliv. Serien er eit drama om familierelasjonar og ekteskap, om å forlate og å bli forlaten, om konkurranse og maktspel i arbeidslivet og korleis jobb og privatliv av og til blir umogleg å skilje frå kvarandre.
Alle episodane på NRK TV og NRK1 i løpet av oktober.

Når den britiske avisa The Guardian kårer «Det beste på TV så langt i 2018», er både «Ein engelsk skandale» og «The Split» med.

«17»: Hovudpersonen er 17 år gamle norsk-somaliske Abdi, som bur på Stovner i Oslo. Vi blir kjent med han og kompisane; dei festar, gjer det ok på skulen, flørtar med jenter og hamnar til tider i bråk. Tilsynelatande er alt som det pleier å vere. Men det Abdi ikkje veit, er at om 17 dagar kan livet hans bli snudd på hovudet. Gjennom 17 episodar og 17 dagar tel vi ned. Men til kva? 17 er eit realistisk tenåringsdrama om vennskap, brorskap, dobbeltliv og Groruddalen.

Ein episode kvar dag frå søndag 9. september i NRK TV og på NRK3 frå fredag 21. september.

Høsten på NRK byr også på andre sesong av tyske «Ku'damm 59» og den britiske dramaserien «Imperiets siste dager»

Meir drama på NRK TV

Enkelte seriar blir berre vist på nett – her er nokre av dei som får premiere på NRK TV:

«Le Bureau» sesong 4: Storpolitikk, terrorisme og ei dysfunksjonell kaffimaskin. Mange serieentusiastar har lagt sin elsk på «Le Bureau», serien som tek oss med til innsida av den franske etterretninga.
Sesongpremiere i oktober (To episodar i veka)

«The Tunnel» er eit fransk-britisk krimdrama basert på dansk-svenske «Broen». Vi møter to politidetektivar, britiske Karl Roebuck og franske Elise Wassermann, som i fellesskap etterforskar brotsverk som har offer på begge sider av den engelske kanal.
Alle tre sesongar blir lagt ut på NRK TV i slutten av november.

«Parterapi» sesong 2: Humorserien med Kevin Vågenes held fram. Vi møter både nye par og «gamle kjente» som forsøker å redde forholdet gjennom terapi.
Sesongpremiere i slutten av oktober


Dokumentar og fakta

Ulrikke Falch og Peder Kjøs - collage

På skjermen i haust: Ulrikke Falch er programleiar i "F-ordet". Psykolog Peder Kjøs leiar gruppeterapien i "Jeg mot meg".

Foto: Andris Søndrol Visdal/Xueqi Pang / Anti/NRK

I «Team Ingebrigtsen» sesong 2 får vi på nytt eit unikt innblikk i familielivet til det som må vere Noregs sprekaste familie. Henrik, Filip og Jacob Ingebrigtsen ligg i verdstoppen, og veslesøster Ingrid ønsker å nå same nivå når ho blir like gamal. Det er far Gjert som trener barna sine, og han stiller store krav. I serien kjem vi tett på familien og får ta del i dei store opplevingane, vere seg i fødestua eller på idrettsbanen.
Premiere laurdag 1. september på NRK1

«Kroppsspråk»: Korleis påverkar kroppsspråket ditt inntrykket andre får av deg? Og korleis påverkar det korleis du føler deg? Denne dokumentarserien tek utgangspunkt i situasjonar som mange blir nervøse eller usikre i, og viser at det å jobbe med og bli meir bevisst på eige og andre sitt kroppsspråk kan vere til stor hjelp.
Premiere NRK1 måndag 20.august kl 19.45

I «Folkeopplysningen» avdekkar programleiar Andreas Wahl kva som er myter og kva som er fakta. I løpet av fem episodar granskar han vanlege påstandar; om alt frå klima og kjernekraft, til trening og mat. Har argumenta til klimaskeptikarane noko for seg, og kor farleg er eigentleg kvitt sukker? Kvar episode er også laga i ein kort variant på 4-7 minutt som blir publisert på NRK TV.
Sesongpremiere onsdag 5. september på NRK1

Går det an å le av svartedauden eller skrantesjuke? Svaret får du i «Latterlig smart», der humor møter vitskap. I kvar episode tek ein standup-komikar utfordringa med å lære seg eit forskingsfelt og gjere det om til eit standup-show. Anne-Kat Hærland, Siri Kristiansen og Dag Sørås er blant komikarane som tek vitskapsformidling til nye høgder.
Premiere mandag 1. oktober på NRK1

«Gåten Orderud» 19 år etter trippeldrapet på Sørum i Akershus er det framleis uavklart kven som faktisk drap dei tre personane i kårhuset på Orderud gard. Dokumentarserien stiller spørsmål ved kvifor fire personar vart dømde for trippeldrap når vi ikkje veit kven som utførte drapa. Vi møter personar som på ulike måtar var involvert i saka eller etterforskinga, og blir presentert for nytt materiale.
Premiere i oktober på NRK1

«F-ordet»: «Menn og kvinner passar ikkje til dei same yrka». «Store gutar gret ikkje». «Gutar som ligg rundt, er kule fuckboys, mens jenter er lause». Med humor og engasjement undersøker programleiar Ulrikke Falch haldningar til kjønn og kjønnsroller. I løpet av seks veker skal ho overtyde alle elevane på ein vanleg vidaregåande skule om at dei er feministar.
Premiere i november på NRK1

I «Helene sjekker inn» blir det sterke møte når Helene Sandvig flyttar inn på fire nye institusjonar i haust.På nyfødt intensiv opplever ho kor skjørt eit nyfødt liv kan vere. Ho får kjenne på kor vanskeleg det kan vere å kommunisere utan ord når ho bur fem døgn på avlastingsbustad for barn med fysisk og psykisk utviklingshemming. Fem døgn i kvinnefengsel utfordrar førestillingene hennar om kven som hamnar i fengsel, og på hospice følgjer hun kreftsjuke som har kort tid igjen.
Sesongpremiere seint i haust på NRK1

I «Innafor» undersøker programleiar Vilde Bratland Erikstad det ho trur må vere vår tids største kommunikasjonskrasj: dickpics. Ho utforskar også valdelige miljøer, der ein tek lett på det å slå andre menneske, og ho tek for seg einsemd. Bør ho dessutan førebu seg på matkrise? Kan «doomsday preppers» få rett til slutt, dei som hamstrar mat og legg seg i våpentrening?
Sesongpremiere i oktober på NRK1

NRK TV Dokumentar

«Jeg mot meg» sesong 2: Kan samtale hjelpe mot panikkanfall eller barndomstraumer? I «Jeg mot meg» blir vi kjent med åtte unge menneske som gjennom videodagbøker fortel korleis dei har det og kva dei slit med. Ein gong i veka møter dei til gruppesamtalar med psykolog Peder Kjøs og forsøker å løyse problema sine saman. Les meir: Mørkt, men gledesfylt og programomtalen.
To episodar vert lagt ut på NRK TV kvar måndag frå 3. september. Premiere på NRK1 same kveld.

Mikkel Niva

Mikkel Nivå har vekse opp utan far sin. I "Uten pappa" prøver Mikkel å finne ut om han nokon gong kan føle at faren er pappaen hans på ordentleg.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

«Uten pappa»: Mikkel Niva har vekse opp utan faren sin. «Kvifor klarte han ikkje vere pappaen min, og kan eg ein dag føle at han er faren min på ordentleg?», spør han i dokumentarserien «Uten Pappa». På ein ekte, modig og humoristisk måte utforskar Mikkel si og faren si historie, og vi følger han gjennom prosessen med å finne ut om dei kan ha eit ekte far-son-forhold.

Alle episodane vert lagt ut på NRK TV måndag 24. september. Kjem også på NRK1.

«Mysteriet Patty Hearst»: Den fascinerande og sanne historia om den rike arvingen Patty Hearst startar då ho blir kidnappa av SLA (The Symbionese Liberation Army). Dei tek ho som gissel, men kor lenge er ho eigentleg det? På vegne av den valdelege gruppa ranar Hearst blant anna ein bank. Det er tidspunkt ho kunne rømt frå dei, men ho gjer det ikkje. Dokumentarserien følgjer Patty Hearst gjennom heile løpet, frå kidnapping til etterspel i rettsvesenet og reinvaskingskampanjar.
Alle episodane vert lagt ut på NRK TV måndag 20.august

«Apokalypse – første verdskrig»: Serien tek oss til skyttargravene i Frankrike, til dei mindre kjente frontane i Russland, Serbia og Palestina, og spør om ofringa av ein heil generasjon kunne ha vore unngått. Vi får sjå arkivopptak som aldri er blitt viste før, og gjennom brev, dagbøker og bøker frå denne perioden kjem vi nærare på dei mennene og kvinnene som overlevde krigen, og årsakane til han.
Alle episodane vert lagt ut på NRK TV måndag 10.september

Helga

Atle Pettersen, Anne Lindmo og Bård Tufte Johansen

Underhaldninga på fredagskvelden er det Atle, Anne og Bård som står for.

Foto: Julia Naglestad og Anne Liv Ekroll / NRK

I helga blir det nye rundar med mange av NRKs mest populære program, men også eit splitter nytt familieprogram med Stian «Staysman» Torbjørnsen.

«Staysman» er programleiar for «10 på topp» som går inn i gullrekka. Kvart program tek utgangspunkt i eit bestemt år frå 80-, 90- og 2000-talet og dei ti låtane som dominerte spelelister, pikerom og dansegolv akkurat då. Fire kjendisar deltek i programmet. Dei må gjennom quiz og leik løyse oppgåvene og slik fylle Topp ti-lista fra 10. plass og opp til førsteplassen.
Premiere fredag 19. oktober på NRK1

Aktuelle gjestar + interessante samtalar + levande musikk = «Lindmo». Med eit stort publikum i nytt studio held Anne Lindmo fram der ho slapp i vår, men denne gongen er det på fredagar. Anne Lindmo er smart, uredd og hyggeleg. Av slikt blir det samtalar du ikkje vil gå glipp av.
Sesongpremiere fredag 31. august på NRK1

Publikumsfavoritten «Beat for Beat» held fram med nye musikalske krumspring før og etter «10 på topp» i sesongen, og det blir ny runde med Pernille, Atle og Bård i «Nytt på nytt».
Sesongpremiere Beat for Beat: fredag 24. august.
Sesongpremiere Nytt på nytt: fredag 31. august

I «Side om side» blir det gjensyn med Celine, Lisbeth, Frode, Jonas, Silje og Tommy. Personane i nabolaget på Granli skal gjennom fleire vendepunkt og merkedagar, vere seg gravferd, bryllaup, konfirmasjon, 40-årskrise, russefeiring (nokre tiår for seint) og besøk til Den Danske Sædbank. Det blir kleint og komisk – slik det pleier.
Sesongpremiere laurdag 25. august på NRK1

«Stjernekamp»: Kven er «Noregs ultimate entertainer?» Ti artistar er klare for å kjempe om denne tittelen i haust. Dei må konkurrere i alt frå hardrock og joik, til soul og country. Stjernekamp, som har fått stadig fleire sjåarar sidan oppstarten i 2012, går over ti laurdagar. På den siste kan programleiar Kåre Magnus Bergh gratulere artisten som har vist seg som den mest allsidige. Les meir
Sesongpremiere lørdag 25. august på NRK1

Nytt å lytte til

Nye podkastar:
«Elefanten» av Kari Hesthamar og Hege Haug Ombre.

I historia om Trond går vi over 20 år tilbake, til ein klassetur som vart svært dramatisk.

Premiere i august/september

«Satririks»: Ny podkast fra 5080-gjengen som lagar Satiriks på nett.
Premiere i slutten av august.

«Orderud» (arbeidstittel): Kjem samtidig som TV-serien «Gåten Orderud» (oktober)

På radio:
«Fredag med Rune Nilson»:
Nytt program på NRK P1, klokka 17 - 19 på fredag ettermiddag. Premiere i september.


NRK Super

«Helium» er ein feelgood humor-dramaserie for 7-12åringen (og familien) om 12 år gamle Martins første forelsking. Den utvalde er Dalia, men kvar gong Martin snakkar med Dalia høyres det ut som han har «heliumstemme». Når Dalia let seg sjarmere av gutten Christopher, tek Martin og bestevennen Petter grep.
Premiere laurdag 1. september

«BlimE» er Noregs største vennskaps-event! Hovudarrangementet går av stabelen 21. september. Høyr årets Blimelåt av Freddy Kalas, og lær deg dansen!


Tilbake til toppen