Hopp til innhold

Kroppsspråk (1:6) Premiere!

Veke 34 NRK1 måndag 20.august kl 19.45

Korleis påverkar kroppsspråket ditt inntrykket andre får av deg? Og korleis påverkar det korleis du føler deg?

Serien «Kroppsspråk» tek utgangspunkt i situasjonar som mange blir nervøse eller usikre i. Vi møter blant andre Astri som gjerne vil ha kjærast, men som ikkje taklar å vere på date, studentane som bur i kollektiv, men som ikkje veit korleis dei skal løyse konfliktane som oppstår, og Karl som blir så nervøs på jobbintervju at han snakkar seg vekk og rotar det til for seg sjølv.

Kvar person i serien får hjelp av ein ekspert på kroppsspråk for å takle det dei synest er vanskeleg.Men det skjer først etter at dei har blitt filma i den situasjonen dei ikkje meistrar: Astri må gjennom fleire dates, Karl må sveitte seg gjennom eit jobbintervju og så vidare.

Live Bressendorf Lindseth er ein av ekspertane i programmet. Ho er imponert over kor opne og modige deltakarane er.

- Dei viser så mykje av seg sjølv. Eg er sikker på at mange vil kjenne seg igjen i deltakarane, for det er mange som har opplevd det same som dei. Så her treff NRK ei nerve, seier Lindseth.

Dokumentarserien viser at det å jobbe med og bli meir bevisst på eige og andre sitt kroppsspråk kan vere til stor hjelp.