Hopp til innhold

Mann (42) døydde under Holmenkollstafetten

Ein 42 år gammal mann falt om med hjartesvikt under Holmenkollstafetten i Oslo på laurdag. Mannen fekk hjelp, men livet stod ikkje til å redde.

Den 42 år gamle mannen deltok på arrangementet Holmenkollstafetten sist laurdag. Stafetten vert arrangert kvart år, og går over store delar av Oslo sentrum.

Hendinga skjedde ved tolvte veksling på Arno Bergs plass på Briskeby i Oslo, fortel Vegard Henriksen. Han er dagleg leiar i idrettsklubben Tjalve, som arrangerer Holmenkollstafetten.

Henriksen seier at det vart sett i gang hjarte- og lungeredning med ein gong.

– Då mannen falt om fekk han hjelp av ein tilskodar som tilfeldigvis var lege. Dessverre stod ikkje livet til å redde, seier Henriksen.

– Svært tragisk

Henriksen seier at hendinga er tragisk, men at dei som arrangør har gjort det som er mogleg for å hindre slike dødsfall.

– Vi har eit tett samarbeid med både AMK og Norsk Folkehjelp. Vi har følgt deira anbefalingar på kor mykje helsepersonell som skal vere tilgjengeleg langs løypa.

Holmenkollstafetten er eit av Noregs største idrettsarrangement med om lag 45.000 deltakarar.