Hopp til innhold

Må avlive tre ulvehundar etter angrep

Ulvehundane som angreip ei kvinne i Askim i fjor, skal avlivast. Det har Oslo tingrett nå bestemt.

Tre politimenn står foran en bil som er sladdet. Bagasjerommet er ikke sladdet. Der befinner det seg minst en hund.

Hundane som angreip ei kvinne blei beslaglagt av politiet etter hendinga. I bilen bak politibetjentane ligg éin av dei.

Foto: Freddie Larsen

– Klienten min tar dommen svært tungt. Desse hundane er familien hennar. Vi vil nå ta ei vurdering på om vi skal anke dommen eller ikkje, seier forsvararen til kvinna, advokatfullmektig Jonas Berge.

Det var i april i fjor ulvehundane til kvinna gjekk til angrep på ei kvinne og den vesle hunden hennar utanfor ein dyreklinikk i Askim.

Noko som resulterte i alvorlege bitskadar og opphald på sjukehus for kvinna som blei angripen.

Advokatfullmektig Jonas Berge hos Elden Advokatfirma

Advokatfullmektig Jonas Berge hos Elden Advokatfirma.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Hundeeigaren blei dømt for brot på hundelova. Tre månader etter angrepet anbefalte politiet at tre av hundane skulle avlivast. Men det kunne ikkje eigaren slå seg til ro med.

Tok avlivingsvedtak til retten

Eigaren meinte avlivingsvedtaket var basert på feil faktum, feil rettsbruk og at vedtaket var uforholdsmessig.

Hundeeigaren frå Østfold ønskte ei rettsleg prøving av avlivingsvedtaket, og tvistesaka kom for retten 2. mai.

Dagen hundeangrepet skjedde hadde hundeeigaren og ei venninne tatt turen til veterinær med til saman fem ulvehundar. Hundane var plasserte i eitt stort bur bak i ein varebil.

Dei store ulvehundane gjekk til angrep på kvinna kort tid etter at to av hundane hadde fått roande medikament hos veterinær. Angrepet skjedde i samband med lastinga av to ulvehundar inn i buret.

Irsk ulvehund og en liten hund ved siden.

Slik ser ein irsk ulvehund ut. Bildet er eit illustrasjonsbilde og har inga tilknyting til hendingane som blir beskrivne i saka. Irsk ulvehund er ein av dei største hunderasane i verda

Foto: David Mark / Pixabay

Ifølge dommen angreip tre hundar. Mens angrepet gjekk føre seg var hundeeigarane opptatte med å halde igjen kvar sin hund.

Da hundeeigaren i februar blei dømt for brot for hundelova kom det i retten fram at alle hundane blei frakta i same bil. Dei var utan halsband da dei stod i eit bur bak i bilen, ifølge dommen.

Hundane må avlivast

Oslo tingrett har ikkje gitt kvinna medhald. Dei held oppe vedtaket om avliving av dei tre hundane hennar, kjem det fram i den ferske dommen.

Dei held også oppe forbodet kvinna har fått mot hundehald som gjeld meir enn éin hund inntil 25 kg.

– Dette er ein tung beskjed å få, seier advokaten til kvinna Jonas Berge.

Dommen er enda ikkje rettskraftig, og advokaten til kvinna seier dei vurderer å anke saka. Viss dei ankar og vedtaket blir kjent ugyldig, vil saka gå tilbake til Politidirektoratet.

Blir dommen ståande skal dei tre ulvehundane avlivast. Dei er nå i forvaring.

Les også Må betale 10.000 kroner etter alvorlig hundeangrep

Tre politimenn står foran en bil som er sladdet. Bagasjerommet er ikke sladdet. Der befinner det seg minst en hund.