Hopp til innhold

Ulrikke (13) starta 17. mai på handballbana: – Veldig gøy

Dei ligg i hardtrening sjølv på nasjonaldagen. Lisleby handballklubb ladar opp til Fredrikstad Cup.

Jenter spiller håndball i en idrettshall. Vi ser en jente bakfra i forgrunnen. Fem jenter står foran henne. Alle har på seg treningstøy.

Jentene i Lisleby handballklubb gjev alt på trening.

Foto: Tomas Berger / NRK

For jentene i Lisleby handballklubb har årets nasjonaldag starta litt annleis enn vanleg. Dei hoppa rett i treningskleda. Finstasen måtte vente.

– Vi starta ti på åtte i dag tidleg. Då var det oppmøte i handballhallen.

13 år gamle Ulrikke Reksten Amundsen er blid som ei lerke sjølv om ho har vore tidleg oppe på bursdagen til Noreg. For ho og resten av jentene på laget ligg ikkje på latsida.

Dei ladar opp til kampar i kveld og resten av helga.

Fredrikstad Cup, den største handballturneringa i landet, står for dør.

To unge jenter inne i en håndballhall. Den ene er mørk, den andre lys. De holder rundt hverandre. Har på seg treningstøy.

Maria Ibrahim og Ulrikke Reksten Amundsen håpar dei kjem til sluttspelet i Fredrikstad Cup.

Foto: Tomas Berger / NRK

– Eg tykte treninga var fin, for eg er veldig glad i handball, Det er berre å gjere seg ekstra klar til kampane seinare i dag.

Nøgd trenar

Heila pinsa gjeng med til ballspel for laget frå Lisleby i Fredrikstad. For dei har som mål å komme seg til sluttspelet i Fredrikstad Cup.

Og det varmar hjartet til trenar Adele Ogoba at jentene er så fokusert på sporten.

Ja, det er veldig gøy. Dei er kjempeflinke. Vi er veldig glade for at dei er glade i handball, og det er vi òg.

Ho fortel at jentene syntest det var stas å trene så tidleg på nasjonaldagen og at dei gler seg til å spele kamp.

Dame med mørkt hår i hestehale kledd i Løken-bunad. Vi ser henne fra brystet og opp. Hun smiler.

Trenar Adele Ogoba er stolt av handballjentene.

Foto: Privat

– Det har vore ein fin start på dagen, sjølv om det er litt stress for oss vaksne. Det har vore litt ekstra å styre med rett før. Men når dagen har kome, så er det heilt topp. Det gjev ei fin ramme.

Elskar Fredrikstad Cup

Ulrikke, som fortel at ho har litt ulike posisjonar på bana, seier det å spele turnering er heilt topp.

– Eg elskar Fredrikstad Cup. Det er veldig gøy. Det er noko med stemninga.

Og handballfesten startar allereie klokka halv åtte i kveld.

Laget har mange kampar føre seg, fortel trenar, Adele.

– Vi skal spele mot Torp og mot Østsiden i kveld. I morgon har vi seks kampar.

Både trenaren og jentene håpar draumen om å komme til sluttspelet blir verkeleg.

– Eg håpar vi vinn dei fleste kampane, seier Ulrikke.

Et helt håndballag står oppstilt inne i en idrettshall. Åtte jenter sitter på kne foran. Ti jenter står bak. Alle holder rundt skuldrene på hverandre. Kledd i treningstøy.

Handballjentene frå Lisleby er klare for Fredrikstad Cup.

Foto: Tomas Berger / NRK

Eit pluss

Sjølv om dagen starta med trening, blir det tid til feiring òg, fortel Ulrikke.

– Vi skal til byen og sjå på tog. Så vert det sikkert å ete litt is. Og så skal vi til nokre vener og grille seinare i kveld.

Men kva synst ho eigentleg om å bruke store delar av 17. mai på trening og kampar?

Eg føler at det er eit pluss for dagen. Fordi eg syns det er gøy å spele handball. Og så gjer eg det på ein så fin dag som det her.