Hopp til innhold

Abrahan (20) og Eduardo (25) gir reiselivet håp for framtida

Nye, strenge koronatiltak gjer kvardagen krevjande for reiselivsbransjen. Samstundes er det eit stort behov for arbeidskraft på lang sikt.

Abrahan Pérez og Eduardo Hernández frå Spania er på utveksling på Norsk Reiselivsfagskole på Geilo.

Abrahan Pérez og Eduardo Hernández har vore i praksis på hotellkjøkkenet på Vestlia Resort i ein månad. Dei ynskjer båe å bli verande, dersom dei får tilbod om jobb.

Foto: Caroline Utti / NRK

På Geilo ser det ut til at spanske utvekslingsstudentar kanskje kan bli ein del av løysinga.

Abrahan Pérez og Eduardo Hernández flyr fram og tilbake mellom kjølerommet og arbeidsbenken.

No og då helsar dei på forbipasserande kollegaer på munter, men gebrokken engelsk.

– Her lærer eg meir om ein annan matkultur, samstundes som eg også lærer meir engelsk - for engelsken min er ikkje spesielt god, seier Eduardo.

– Kanskje litt «Norge» også, legg han til.

– Du meiner norsk. Eg kan nokre ord allereie, eg; «Korleis har du det?», «Bra!», smiler Abrahan.

Dei har båe utdanning som kokk frå heimlandet, Spania, men treng framleis arbeidserfaring for å kunne klatre vidare på karrierestigen.

Utvekslingselevar frå Spania jobbar på hotellkjøkkenet på Vestlia Resort.
Tidlegare i haust brukte NHO Reiseliv ord som «akutt» og «krise» for å beskrive situasjonen knytt til rekruttering i reiselivet.
Abrahan Pérez frå Spania er på utveksling på Norsk Reiselivsfagskole på Geilo.

Mangelen er størst innanfor serveringsbransjen.

Det trengst særleg fleire kokkar, som Abrahan og Eduardo.

– Eg fekk ein telefon ein dag, med spørsmål om eg ville reise til Norge for å ha praksisen min der, fortel Abrahan.

Det umiddelbare svaret var «ja, kvifor ikkje».

Saman med to andre spanske studentar er dei snart ferdige med eit to månader langt utvekslingsopphald ved Fagskolen Viken sin studiestad for reiseliv på Geilo.

– Dette prosjektet gir stor utteljing for både klassen, oss lærarar og for dei studentane som kjem hit. I tillegg gir det reiselivet her på Geilo, og elles i regionen, ein stor boost knytt til å få inn kompetanse utanifrå, seier Jan-Anders Dam-Nilsen, lektor i kommunikasjon ved Norsk Reiselivsfagskule.

4 spanske reiselivsstudentar på utveksling hjå Norsk Reiselivsfagskule på Geilo.

Når utvekslingselevane ikkje jobbar, har dei undervisning saman med dei andre elevane på fagskulen.

Jan-Anders Dam-Nilsen, lektor i kommunikasjon ved Norsk Reiselivsfagskule på Geilo.

– Me har mykje å hente på å ta inn nye impulsar utanifrå. Ikkje berre på skulenivå, men også på arbeidsplassane, seier Jan-Anders Dam-Nilsen, lektor i kommunikasjon ved Norsk Reiselivsfagskule.

Abrahan Pérez og Eduardo Hernández frå Spania er på utveksling på Norsk Reiselivsfagskole på Geilo.

For Abrahan Pérez og Eduardo Hernández kjenner seg allereie litt heime på Geilo, trass i snø og tosifra minusgradar.

Abrahan, Eduardo, Catalina og Coraima er berre dei fire fyrste av sitt slag. Over nyttår skal reiselivsfagskulen etter planen ta i mot 15 nye utvekslingselevar frå Spania.

Ankomstdato for dei nye studentane er førebels ikkje spikra, grunna nye og strengare koronatiltak. Men prosjektet handlar fyrst og fremst om langsiktig rekruttering - og planen er difor å halde fram, så fort det let seg gjera.

– Me ventar med å ta i mot dei nye studentane til me har fått meir avklaring på kva retningslinjer me må ta omsyn til, seier Terje Simonsen, driftssjef og koordinator i Geilogruppen.

Service manager Ziga Merslavic og utvekslingsstudent Coraima Martín gjer klart til konferanse på Vestlia Resort.

Service manager Ziga Merslavic og utvekslingsstudent Coraima Martín på jobb i konferanseavdelinga på Vestlia Resort.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Kva tenkjer du om å ta inn arbeidskraft utanifrå, dersom de blir tvinga til å permittere dei tilsette de alt har?

– Me kan ikkje permittere med ei hand, og ta i mot studentar med den andre. Så me er prisgitt at situasjonen losnar litt, før me kan ta dei i mot. Når det er sagt, så ser me på dette som ei openberring knytt til langsiktig rekruttering i bransjen. Dette handlar om meir enn å berre få inn arbeidskraft for ein kort periode, seier Simonsen.

– Avgjerande å få inn folk utanifrå

På Vestlia Resort er service manager Ziga Merslavic godt fornøgd med å ha hatt nokre ekstra namn på vaktlista den seinaste tida.

– Det er fantastisk å få samarbeide med utdanningsinstitusjonar på denne måten. Me får inn litt friske idear, samstundes som me gir utanlandske studentar sjansen til å prøve seg i jobb her.

Zima Merslavic, service manager ved Vestlia Resort.

Ziga Merslavic, service manager ved Vestlia Resort.

Foto: Caroline Utti / NRK

Merslavic kom sjølv til Geilo frå Slovenia på det som eigentleg skulle vera eit kort praksisopphald.

Tre år seinare gjer han det han kan for å få dei fire utvekslingsstudentane til også å bli verande.

– Eg meiner at det ikkje berre er viktig, men heilt avgjerande å få inn folk utanifrå. Når ein reiser litt rundt i verda får ein med seg nye måtar å tenkje og gjera ting på. Ved å blande ulike kulturar kan me betre heilskapen, og dermed også destinasjonen, meiner han.

Abrahan Pérez og Eduardo Hernández frå Spania er på utveksling på Norsk Reiselivsfagskole på Geilo.

Abrahan Pérez og Eduardo Hernandez trivst godt ved grytene på Geilo.

Foto: Caroline Utti / NRK

I slutten av desember er praksisperioden over for dei fire spanjolane.

Men Abrahan og Eduardo veit allereie kva svaret blir, viss eller når dei får tilbod om jobb.

– Ja, eg hadde tatt jobben. Kanskje ... jo, eg hadde nok det. Det ville vore ein god moglegheit, seier Eduardo.

– Ja, eg ville også tatt jobben - kvifor ikkje, smiler Abrahan.