Hopp til innhold

Varslar storkontroll: – Det er ingen raud eller grøn sone til sjøs

Grensehandel med båt i pinsa? No kan tollvesenet følgje etter deg inn i Sverige.

Tollar Per Magne Solberg står i båten og ser ut av vinduet på sjøen.

PINSEAKSJON: Tolletaten og Kystvakten skal halde kontrollaksjon frå Halden til Langesund.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Det er sjølvsagt veldig freistande å kjøpe litt ekstra når du først er på tur over og har plass i båten, seier 1. tollinspektør Per Magne Solberg.

Meteorologane har alt stadfesta at Austlandet får det finaste pinsevêret, og det kan tyde på høg båttrafikk til sjøs. Difor vil Tolletaten og Kystvakten vere ekstra på vakt i helga.

Det er ikkje tilfeldig at det er akkurat no det er storaksjon.

Me ser at det er i pinsehelga mange vel å starte båtsesongen. No er det meldt bra ver, så me forventar mykje trafikk. Då ønsker me å vere til stade og ha kontroll, vise nærvær og ikkje minst informere om regelverket som gjeld, seier Tim Gurrik, områdeleiar for Oslofjorden i Tolletaten.

Det vil vere kontrollaksjon frå Halden til Langesund, med fokus på trafikken blant fritidsreisande.

Tolletaten besøker en fritidsbåt under pinseaksjonen 2022.

Tolletaten trur det fine vêret kan auke båttrafikken i pinsehelga. Her frå pinseaksjonen i 2022.

Foto: Tolletaten

Eit nytt «våpen»

Tolletaten opplever ofte at folk trur det er mindre sjanse for å bli tatt av tollen til sjøs. Solberg seier dei klart ser kva båtar dei ønsker å kontrollere.

Tollarane ser blant anna på oppførsel til folk. Solberg meiner båtfolk generelt er veldig hyggelege og ærlege, men at nokre prøver seg.

Tollar Per Magne Solberg smiler på bildet. Han står ute på ein båt i uniform.

1. tollinspektør Per Magne Solberg seier du bør svare riktig når han spør kor mykje du har med deg i båten.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Spør eg deg kor mykje du har, bør du svare riktig. Når eg går om bord i båten din, er det altfor seint.

No har også tollarane eit nytt «våpen» på lager. For no kan tollvesenet følgje etter deg inn i Sverige.

– Den tida kor ein kunne ankre opp på svensk side og vinke til tollaren, og vente på at han gjekk heim, er over. No kan me faktisk ta kontakt med deg i Sverige.

Digital løysing

Fartøy frå både Kystvakten og Tolletaten skal vere ute for å observere og kontrollere dei som kryssar grensa til sjøs.

KV Nornen og KV Tor er på plass frå Kystvakten si side.

– Kystvakten har også tollarar om bord. Me rekk over eit større område enn me vanlegvis gjer, seier Solberg.

– Det er ingen raud eller grøn sone til sjøs, difor må du deklarere det du har om bord i båten.

Og sidan Tolletaten også har kome inn i den digitale tidsalderen, kan dette bli gjort gjennom ein app.

– Då kan du sjekke om du er innafor eller utanfor kvoten. Appen reknar ut for deg, og viser kva som er lov og ikkje lov. Den viser også kor mykje du eventuelt må betale.

Les også Krev avklaring om forbod for tømming av kloakk i Oslofjorden

WWFs marinbiolog og havekspert Fredrik Myhre.

Les også Stanset på grensa: Skjulte doping i puslespill

Et prinsessepuslespill fra Disney.