Hopp til innhold

Sakna kvinne funne i live på Tofte

Kvinna som har vore sakna i Tofte i Buskerud i natt, er funne. Ho var kald og våt, ifølgje politiet.

Leitemannskap søker etter sakna kvinne

Redningsmannskap leitar etter sakna kvinne på Tofte i Buskerud.

Foto: Vegard M. Aas / Vegard M. Aas

Kvinna blir sjekka av helsepersonell.

– Det var folk i sentrum av Tofte som varsla politiet om ei kvinne dei meinte kunne vere den sakna kvinna, seier operasjonsleiar Rune Hunshamar i Sør-Øst politidistrikt.

Det var tre personar om bord då ein treseglbåt køyrde rett i moloen på Tofte båthamn i Buskerud.

Politi, dykkarar, brannvesen og frivillige leita etter kvinna både i vatnet og på land.

– Ei kvinne og mannen har komme seg trygt til land, og så har vi ikkje heilt kontroll på den siste kvinna, sa operasjonsleiar Tore Grindem ved Sør-Øst politidistrikt til NRK i natt.

No er altså kvinna funne.

Masten til båt som sokk i Buskerud

Berre masta er synleg etter at seglbåten sokk etter den trefte moloen i Tofte i Hurum i Buskerud.

Foto: Vegard M. Aas

Omfattande leiteaksjon

Med på leiteaksjonen var dykkarar, brannvesen og politi. Eit redningshelikopter hjelpte også ei stund i leitearbeidet, før det måtte vidare på andre oppdrag.

Frivillig leitemannskap og ei redningsskøyte bidrog no i leiteaksjonen etter kvinna.

Båten sokk, og ein kunne berre sjå masta. Båten skal hevast i løpet av dagen, ifølgje politiet.

Redningsmannskap leitar etter sakna kvinne

Redningsmannskap leitar etter sakna kvinne på Tofte i Buskerud.

Foto: Vegard M. Aas

Håpet var å finne ho i live

Førebels er årsaka til båtkrasjen ukjent for politiet. Vêrforholda skal ha vore gode i natt.

Operasjonsleiar Tore Grindem sa til NRK i natt at dei hadde eit håp om at kvinna kunne ha teke seg i land.

– No er kvinna funne i sentrum av Tofte. Ho var kald og våt. Det var vitne som varsla politiet like før klokka 11 i dag om ei kvinne dei meinte kunne vere den sakna kvinna, seier Rune Hunshamar, operasjonsleiar laurdag formiddag.

Leiteaksjon etter kvinne etter båtkrasj i molo

Mistanke om køyring i rusa tilstand

Kvinna og mannen som kom seg på land vart arrestert av politiet då dei mistenker at dei køyrde båten i rusa tilstand. Politiet tok blodprøver av dei to. Resultata er ikkje avklara enno og dei to vart lauslatne tidlegare i ettermiddag.