Hopp til innhold

Kommunalministeren grip inn: – Naudsynt for oss å ta over

Flytting av ein barnehage i Skotselv har utløyst dragkamp mellom kommunen og Statsforvaltaren. No tek Kommunal- og distriktsdepartementet over.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og Knut Kvale, ordfører i Øvre Eiker utenfor Solbakken barnehage.

Ordførar Knut Kvale i Øvre Eiker peikar og forklarar medan han viser Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik rundt i Skotselv.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Eg registrerer at statsforvaltaren har vore sitert på at ho har fått beskjed frå regjeringa om å vera tverr. Og det er på ingen måte regjeringa sin politikk i ein slik samanheng, seier Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til NRK.

– Tvert i mot så har statsforvaltaren ei viktig rolle knytt til å gå i dialog med kommunane, legg han til.

Les også Ordførere: – Vi sloss mot Statsforvalteren

Ordførere i Viken er frustrert over gjentatte innblandinger fra Statsforvalter Valgerd Svarstad Haugland i Oslo og Viken.

Lokalsamfunnet i Skotselv og Øvre Eiker kommune har sett seg om etter ei løysing for Solbakken barnehage i nesten to år.

Barnehagen ligg på kvikkleire, og kommunen ville difor flytte den til eit nytt bygg ein annan stad.

I juni sa Statsforvaltaren i Oslo og Viken nei til dette nye bygget.

Og no har altså Kommunal- og distriktsministeren bestemd seg for å køyre over statsforvaltaren og ta seg av saksbehandlinga sjølv.

Ei gladnyheit

– Eg er opptatt av at me skal få ei rask avklaring på denne saka. Og eg meiner at saka har ein karakter som gjer det naudsynt for oss å ta over, seier Gjelsvik.

Ordfører Knut Kvale i Øvre Eiker og Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik utenfor Solbakken barnehage.

Ordførar Knut Kvale og Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik på synfaring utanfor Solbakken barnehage der han ligg i dag.

Foto: Caroline Utti / NRK

Torsdag kveld var han på synfaring i Skotselv for å sjølv sjå dei to bygga som har vekt debatt den seinaste tida.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken og settestatsforvaltaren i Innlandet var også inviterte til å vera med på synfaring, men ingen av dei kom.

Nyheita om at departementet tek over saksbehandlinga vart teke i mot med applaus blant både foreldre og lokalpolitikarar.

– Det er ei stor nyheit. Og det var eigentleg dette eg håpte på. No skal han jo behandle saka. Men eg har prata med han her i dag, og vist han forholda, så eg har veldig tru på at dette no kjem til å gå i orden, seier Knut Kvale (Sp), ordførar i Øvre Eiker.

Is i magen

Mikal Lorentzen er leiar for FAU i Solbakken barnehage, og har vore engasjert i denne saka i fleire år.

Også han håpar på at løysinga er nær.

– Det er eit veldig sterkt signal statsråden kjem med her no. Det gjev store forhåpningar, seier han.

Mikal Lorentzen er leiar for FAU i Solbakken barnehage i Skotselv.

Mikal Lorentzen, leiar for FAU i Solbakken barnehage.

Foto: Caroline Utti / NRK

Samstundes peikar han på at folk også sat med store forhåpningar når kommunestyret fyrst vedtok flytting av barnehagen tidlegare i år.

– Det var stor jubel fram til Statsforvaltaren nokre veker seinare spente bein på oss og stoppa prosessen med klager. Men no håpar me statsråden held det han seier, og at saksbehandlinga i departementet blir rask, seier Lorentzen.

– Og at me kan få eit endeleg vedtak, og få flytta som planlagt, legg han til.

– Har du tru på at de får flytta?

– Eg trur det ikkje før eg får sjå det. Men han sender veldig sterke signal her, og sablar samstundes ned argumentasjonen til Statsforvaltaren.

Bibelskole i Skotselv som kommunen foreslår som ny barnehage

Det er denne bibelskulen Øvre Eiker kommune har kjøpt for å gjera om til ny barnehage. Bygget ligg i rundt 1 kilometer frå der barnehagen ligg i dag.

Foto: Eirik Thormodsrud Koren / NRK

Lovar rask saksbehandling

Kommunalministeren understrekar at det er viktig at statsforvaltarane er strenge i store og viktige saker.

Men ein må også kunne finne fleksible og gode løysingar som er tilpassa lokale forhold, meiner han.

– Ambisjonen frå vår side, ved å ta denne saka til behandling, er å sikre eit godt utfall for Øvre Eiker og denne barnehagen. Men òg at statsforvaltarane skal få ein rettleiar frå oss knytt til korleis dei skal handtere slike saker, seier Gjelsvik.

Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Caroline Utti / NRK

– Du seier du vil jobbe for rask saksbehandling - kor rask?

– Eg har gitt beskjed til mine saksbehandlarar om at så fort me får dokumenta frå Innlandet, så skal me starte arbeidet umiddelbart. Og denne saka skal prioriterast.

– Meiner du at statsforvaltarane bør strekkje seg lenger for å reise på synfaring og sjå korleis det er der ute, før dei seier nei?

– Ja, det er ein viktig del av Statsforvaltaren sitt oppdrag. Det er å gjera seg kjent med dei lokale forholda, og ha ein god dialog med både lokale folkevalde og dei andre som jobbar med ei sak, seier Gjelsvik.