– Det er ein jobb å gjere med å forsterke vassvegane og få vatn bort frå jernbanen. Det er læringspunkt nummer éin, seier konstituert konsernsjef i Bane Nor, Henning Bråtebæk.
Bane Nor har samanfatta konsekvensane ekstremvêret «Hans» fekk for togtrafikken i Noreg. Delar av toglinjene på Austlandet vart heilt stengde. No riggar dei seg for meir nedbør og eit villare og våtare klima i åra som kjem.
Henning Bråtebæk er konstituert konsernsjef i Bane Nor.
Foto: Bane Nor– Vi har eigentleg halde på i ganske mange år på nokre av strekningane. Vi har byrja i Bergen og drege over fjellet. Gudbrandsdalen har vorte utbetra mykje sidan siste flaum i 2013, seier Bråtebæk og legg til:
– Men no kom vatnet på så mange nye stader. Mengdene var så ekstreme. Så det må vi berre kartleggje, vere føresjåande og skaffe oss nødvendige dimensjonar og vassvegar som tek unna dette her.
Vatnet vaska med seg massane under skjenegangen i Hallingdal.
Foto: Spordrift
Trudde ikkje regnet kunne skape så store problem
Det er tysdag 8. august. Ekstremvêret Hans skyl inn over Hallingdal. På Ål har Aksel Andre Lågrinn første arbeidsdag etter sommarferien.
– Eg trudde ikkje at regnet skulle skape så store problem, fortel Lågrinn i ein artikkel publisert hos Bane Nor. Han arbeider som tverrfagleg anleggsleiar for Spordrift i Hallingdal.
Ut av vindauget ser han at vatnet har stige 20 centimeter på berre nokre timar. Lågrinn held kontakten med kollegaene som sjekkar tilstanden på jernbanen, både mot Geilo og mot Flå. Bergensbanen har allereie vore stengt i to dagar.
Det var ikkje berre vegane i Hallingdal som stod under vatn. Også jernbanen vart fleire stader overfløymd under ekstremvêret.
Foto: SpordriftFungerande driftssjef i Spordrift for Vestlandet, Oddgeir Stolen, har sagt at han vart overraska over at trafikken på Bergensbanen vart stansa så tidleg, men at han i ettertid ser at det var ei rett og viktig avgjerd.
– Dei første dagane kjende vi at alt stod i stampe. Same kva vi gjorde, vart ikkje ting betre, fortel Lågrinn.
Aksel Andre Lågrinn er tverrfagleg anleggsleiar for Spordrift i Hallingdal.
Foto: Simen Slette Sunde / Bane Nor
Fekk nokre få timars søvn
Medan eit arbeidstog med tilsette blir ståande fast på Flå, får eit anna ingen sjanse til retur etter at det losnar tre ras bak toget på veg mot Geilo.
Frå Ål blir eit tog sendt med pukk for å stabilisere skjenegangen. Då dei passerer ved Bergheim i Nesbyen forsvinn jernbanen bak dei. Dermed eit nok eit tog «sperra inne».
Vatn sette ein stoppar for at tog kunne køyre på linjene i Hallingdal.
Foto: Spordrift– Nokon fekk beskjed om at heimane vart evakuerte. Så forsvann internett i Ål og mobildekninga. Eg måtte over på GSMR-telefon for å halde kontakt med folk som jobba ute, seier Lågrinn. På dette tidspunktet har fleire kollegaer teke inn på hotell for å få litt kvile. Men etter få timars søvn, må dei ut langs linjene på jobb igjen.
For Lågrinn blir det heile ekstra spesielt. Medan han arbeider med å organisere innsatsen på natta, går det er ras nær huset hans i Ål. Kona ligg og søv i huset då raset kjem nedover dalsida. Heldigvis går ingen menneskeliv tapt.
Ved denne jernbanebrua i Ål i Hallingdal drog vassmassane med seg røter og steinar.
Foto: Spordrift
Treng mykje meir pengar til vedlikehald
Med fasiten i handa slår no Bane Nor fast at uvêret gjorde skadar for fleire titals millionar kroner. Men det kjem til å koste mykje meir å sørgje for at det norske skjenenettet er klart for å møte tilsvarande vêr i framtida.
– Vi ønskjer ein ganske stor auke av drift og vedlikehaldsbudsjettet, nettopp for å ta vare på dei anlegga vi har, seier Bråtebæk.
– Er det noko anslag de har gjort for kor mykje de kjem til å trenge?
– Vi ønskjer ein auke på rundt 3–4 milliardar per år. Det vil ta unna for det arbeidet vi må gjere med vassvegane våre.
Ved Viul har ein no bygd opp igjen, og flaumsikra området, etter uvêret.
Foto: Simen Slette Sunde / Bane Nor– Nye anlegg no blir dimensjonerte for det vi kallar 200-årsflaum, men det er mange andre stader der vi ikkje toler meir enn ein 5-årsflaum. Og dei kjem ganske ofte, forklarer Bråtebæk.
Bane Nor seier at i Hallingdal, på Ringerike og fleire andre stader på Austlandet og i Trøndelag blir hausten prega av oppryddingsarbeid etter uvêret.
– Det er mykje som står att. Vi har 15 stader som må ordnast før vinteren og frosten kjem. Det er viktig for å unngå fleire vasskadar til våren. Vi skal opne stikkrenner og rydde i grøfter, så alt vatn kan renne vekk frå jernbanen, fortel Lågrinn.
Deretter vil det framleis stå att rundt 25 stader som krev liknande tiltak, men som ikkje er like kritiske med tanke på snøsmelting og flaum.