Denne veka har me sett bilete med utrulege scener som liknar ein katastrofefilm:
Vatn har stige til valdsome høgder, heimar er tekne av ras og flaum, Mjøsa flyt over av rundballar, fleire tusen er evakuerte og folk har flykta frå husdyr medan det rasa rundt dei.
Dronebilete frå Nesbyen viser flaumen ekstremvêret skapte.
Foto: Thomas MørchFlaumskadane etter ekstremvêret Hans kostar minst ein milliard kroner.
Men då ekstremvêret var i startgropa var det kommentarfelta som fløymde over.
Eit kjent fenomen dukka opp: vestlendingar som harselerer med naboane i aust.
Dei meiner austlendingar ikkje «toler» vêret.
Men det finst ei naturleg forklaring. Austlandet toler faktisk mykje mindre nedbør enn Vestlandet.
Mykje av forklaringa kan knytast til eit skilje høgt oppe i fjellheimen.
Den svarte streken som snirklar seg gjennom landet markerer eit skilje som blir kalla vass-skilje (eller vannskille på bokmål).
Flatare terreng og større elvar
Midt i Sør-Noreg ligg Langfjella. Dei skapar skiljet som avgjer om vatnet renn mot aust eller vest.
Regnet endar opp i ulike bekkar og elvar. Til slutt kan det til og med enda opp i ulike hav!
– Vestlandet har fått meir nedbør enn Austlandet i sikkert tusenvis av år, så naturen har tilpassa seg til det, seier Tuomo Saloranta, hydrolog i NVE.
I vest er terrenget brattare og meir kupert. Det gjer at vatnet renn fortare.
I aust er naturen flatare. I tillegg er elvane færre og større. Det betyr meir vatn i kvar elv.
I I tillegg er det kortare veg til havet i vest. Mykje av nedbøren som kjem ned på Austlandet har lang reiseveg.
– Det er eit større område som fôrar éi elv med vatn. Då treng ein ikkje så mykje nedbør før det blir for mykje i elva, seier Saloranta.
Tidlegare blei omgrepet vass-skilje brukt hyppig i vêrvarslinga, men fordi det ikkje vart forstått gav meteorologane seg med det.
Foto: met.noEkstremt er ikkje likt i aust og vest
Også i meteorologane sine farevarsel er det tydeleg skilnad mellom landsdelane.
Farevarsel i forkant av ekstremvêret «Hans».
- Gult nivå: Utfordrande situasjon. Dei som bur i området bør vera merksame.
- Oransje nivå: Alvorleg situasjon. Dei som bur i området bør vera førebudde.
- Raudt nivå: Ekstrem situasjon. Dei som bur i området bør sikra verdiane sine.
Men ekstremt er ikkje det same i aust og vest.
Ta til dømes eit farevarsel for 24 timar med nedbør: Dette var farevarselet før ekstremvêret Hans eit døme på.
Dersom det kjem 80 mm nedbør på 24 timar på Austlandet, utgjer det ekstrem fare på raudt nivå.
Same mengda regn når ikkje eingong opp til gult farenivå på store delar av Vestlandet.
Denne grafen er noko forenkla, fordi Vestlandet og Austlandet er delt i fleire, mindre område. Der varierer grensene for farenivå noko.
Ulike dimensjonar
Det er altså heilt avgjerande kva naturen er vand til.
På eit år kjem det normalt sett mellom 300 og 500 millimeter nedbør i året på Austlandet.
– Eit nedbørsfelt på 50–100 millimeter er det veldig mykje i forhold til årsnormalen, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Men på Vestlandet er dimensjonane heilt annleis: Der er 2000–3000 millimeter på eit år heilt normalt.
I den norske fjellheimen går ei viktig grense: vass-skiljet. Delar av skiljet er her på Sognefjellet.
Foto: Inger Johanne LiabøOg kvifor det regnar mest der? Det er fordi dei fleste lågtrykka kjem frå vest.
– Lågtrykka regnar gjerne frå seg på Vestlandet, seier klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet i Meteorologisk institutt.
Det betyr at når det passerer Langfjella og vass-skiljet, så er det rett og slett ikkje så mykje nedbør att til Austlandet.
Like vegar overalt
Men med «Hans» kom lågtrykket frå søraust.
Det er svært uvanleg, ifølgje klimaforskarane.
Altså har ikkje vêret vore så normalt som nokre har hevda i kommentarfelta.
Men trass i store skilnader blir vegar bygde likt over heile landet.
Men også for vegane er det avgjerande korleis naturen har tilpassa seg.
– I nord og vest er det bratt med kort veg til havet. Når me byggjer ei bru over eit juv må brua allereie så høgt at naturen har tilpassa for oss, forklarer Knut Haarvik, kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen.
På Austlandet er situasjonen ein annan. Haarvik understrekar at ein ikkje kan fjerna risikoen for flaum heilt, verken i nord, aust eller vest.