Då prinsesse Ingrid Alexandra fylte 18 for halvtanna år sidan, fekk ho ein bunad i gåve frå Nore og Uvdal kommune. Først tysdag denne veka vart gåva overrekt på Slottet.
Syerska som står bak finstasen var sjølv med på overrekkinga.
– Det var ei stor ære å bli invitert til Slottet. Då vi fekk beskjed om at ho ville ta på seg bunaden vart vi veldig stolte, fortel Gunhild Aasen ved Stoffstugu Bunadssenteret i Numedal.
– Ho strålte då ho fekk på seg bunaden. Prinsessa var veldig fornøgd, fortel Aasen.
Det var Hallingdølen som omtalte saka først.
Den kongelege bunaden låg klar på bunadssenteret i vel eit år, før han vart overlevert.
– Vi har gått og venta på beskjed frå Slottet, fortel Aasen.
Om ein får sjå prinsesse Ingrid Alexandra i numedalsbunad på slottsbalkongen 17. mai, står att å sjå.
Foto: Det kongelige hoff
Nært forhold til Numedal
Kronprinsfamilien er tett knytt til Numedal, og ikkje minst Nore og Uvdal kommune. Det var i 2007 kronprinsparet kjøpte to tomter på hyttefeltet Fjellsnaret i Brøstrudlia i Nore og Uvdal. Hytta stod ferdig i slutten av august 2008.
– Vi var på hytta for å prøve bunaden, og var veldig spente på om den passa. Det gjorde han, fortel Gunhild Aasen.
Vi feirar prinsessas 18-årsdag med mellom anna Else Kåss Furuset, Stig Brenner og Jonas Gahr Støre. Det blir også intervju med Ingrid Alexandra.
Men Aasen har ikkje forventningar om å sjå prinsessa i numedalsbunad på slottsbalkongen på sjølvaste nasjonaldagen.
– Det kan eg ikkje rekne med. Ho har jo fleire bunader å velje mellom. Men ho var veldig interessert i høyre om bunaden og tradisjonane, fortel ho.
I samband med prinsesse Ingrid Alexandra sin 18-årsdag delte Kongehuset ein video av kronprinsfamilien på skitur på Imingfjell. Dette fjellpartiet ligg i Nore og Uvdal.