Hopp til innhold

Danka ut 219 andre: – Dette er draumejobben

Søkarane kom springande som svoltne revar til matfatet då Bjørneparken i Flå lyste ut ny stilling som dyrepassar. Men berre ein kapra draumejobben.

Mia Sofie Sandvold står øvst på ein plattform ved ulvehegnet i Bjørneparken i Flå.

I handa har ho eit saftig kjøtstykke. Ho tek sats med kastearmen og ser kjøtet fly i boge over straumgjerdet, før det landar på bakken med eit dump.

Ned frå nærmaste bergknaus kjem to svoltne ulvar.

– No altså! Fy søren, dei er fine. Ok, dette er kanskje dagens høgdepunkt, seier ho.

Mia Sofie Sandvold er ny dyrepasser i Bjørneparken i Flå.

Arbeidsdagen når ein topp når Mia Sofie får fôre ulvane i parken.

Foto: Caroline Utti / NRK

Lykkerusen stig. Og det alt no - når arbeidsdagen knapt er i gang.

Fødd entusiast

Som barn sat Mia Sofie helst i ein krok med dyreleksikon i fanget. Lesinga vart faktisk såpass heftig at foreldra hennar heilt oppriktig lurte på om ho var autist, og fekk ho undersøkt hjå legen.

– Eg visste ikkje kva fargen «grøn» var, men eg kunne fint peike ut ein sibirtiger, flirer ho.

Det viste seg rett nok at ho ikkje var autist. Ho var berre ekstremt interessert i dyr.

«Det er så fascinerande å sjå dyr som beveger seg rundt i naturen, og er så beherska.»

Dyrepasser Mia Sofie Sandvold og gaupa "Flora".

«Dei har ei ro som smittar over på meg. Det blir som terapi for sjela.»

Mia Sofie Sandvold er ny dyrepasser i Bjørneparken i Flå.

Ho var i ferd med å fullføre bachelorgraden i biologi, då draumejobben dukka opp i Flå.

– Eg er frå Trondheim, så det er ganske langt å flytte, og til ein så liten plass som dette. Men samstundes var det ingen tvil - eg måtte berre køyre på.

Dyrepassar-stillingar er dessutan sjeldan vare, både i Bjørneparken og elles i Norge.

– Eg trur dette er andre gongen me har lyst ut ei stilling på fem år, så det var ein ganske unik moglegheit, seier Kees Oscar Ekeli, direktør i Bjørneparken.

Dyrepassar Mia Sofie Sandvold matar ein av bjørnane i Bjørneparken i Flå.

Kastearmen får køyrt seg alt på fyrste arbeidsdag.

Bjørn i Bjørneparken i Flå.

I bjørnehegnet sit «Anton» klar til å ta i mot.

Bjørner i Bjørneparken i Flå.

Bjørnane følger dyrepassarane til døra.

Rovdyransvarleg Trygve Hauge Løge og dyrepassar Mia Sofie Sandvold i Bjørneparken i Flå.

Så fort bjørnene er fornøgde, går dei to dyrepassarane vidare til neste munn som skal mettast.

Dyrepassar Mia Sofie Sandvold med elgane i Bjørneparken i Flå.

– Eg er interessert i alle dyr altså, men eg er nok litt ekstra glad i hjortedyr, seier Mia Sofie medan ho matar ein av elgane i parken.

Fôringstid for gaupa "Flora" i Bjørneparken i Flå.

«Flora» må slite litt før ho får gevinst.

Trygve Hauge Løge og Mia Sofie Sandvold, dyrepassarar i Bjørneparken i Flå.

Rovdyransvarleg Trygve Hauge Løge (t.v.) gjev Mia Sofie Sandvold ei rask innføring i fôring og sikkerheit hjå gaupene.

Heile 220 søkarar heiv seg med i kampen. Direktør Ekeli såg etter folk med anten rein dyrepassarutdanning, eller anna relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Om lag halvparten av søkarane var godt kvalifiserte til jobben.

Mia Sofie vart den heldige utvalde.

Bjørn i Bjørneparken i Flå.
Foto: Caroline Utti / NRK

– Du som er så glad i dyr - korleis er det å jobbe her, og sjå eigentleg ville dyr i fangenskap?

– Dei har det veldig bra her, og har enorme område per dyr. Mange av dei er dessutan fødde i fangenskap, og hadde ikkje greidd seg om du slapp dei ut. Eg vil tru at sjølv om dei er i fangenskap, så har dei det godt, Mia Sofie.

– I tillegg kan me bruke dei i formidling, og vise fram kor flotte dei er. Så eg ser i grunnen ikkje på det som noko vondt at dei er i fangenskap, legg ho til.

Amurleoparden «Zino» skjønar at noko er på gang.

Dyrepasserne Trygve Hauge Løge og Mia Sofie Sandvold på fôring hos amurleopardene i Bjørneparken i Flå.

... Men han må pent berre vente, medan dyrepassarane gjer unna dagens husvask.

Dyrepasserne Trygve Hauge Løge og Mia Sofie Sandvold gjør reint i huset til amurleopardene, før de slippes inn for fôring.

Så får Zino endeleg kome inn.

Han bryskar seg litt, før han hiv seg over maten.

Amurleopard i Bjørneparken i Flå.

Som dyrepassar blir ho eit slags bindeledd mellom dyr og menneske.

Fyrst og fremst skal ho sørge for at dyra har det bra. I tillegg skal ho peike, fortelje og forklare - og slik få dei besøkande i parken til å sette like stor pris på dyra som ho sjølv gjer.

– Her får eg prate med både ungar og eldre, og det som er. Det synest eg er kjempeartig. Eg elskar å lære bort, om dyr. Det er liksom den store lidenskapen.

Mia Sofie Sandvold er ny dyrepasser i Bjørneparken i Flå.
Foto: Caroline Utti / NRK

Den fyrste arbeidsdagen går mot slutten. Mia Sofie sit på huk og pratar til dei fem ivrige revane som flokkar seg omkring ho.

– Der er «Finbeck». Og så er det «Filip?», seier ho og ser spørjande på kollega og rovdyransvarleg Trygve Hauge Løge.

– Nei, det er «Fredrik».

Den ferske dyrepassaren smilar. Så fortset ho å terpe på namn og kjenneteikn. Stemma hennar er mjuk. Ho er i sitt ess.