Det verste snøkaoset er over, melder både meteorolog og trafikkoperatør. Nedbøren har gitt seg i store delar av Sør-Noreg, men ein må framleis vere obs ein skal ut i trafikken i kveld og i morgon tidleg.
Fekk ikkje gå ut av bussen
– Viss det blir kaldare nå, kan det fryse på. Det må ein passe på. Det er også ein del vatn i vegbanen etter snøsmelting, som ein vere obs på, seier Steinar Våsjø, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.
I ettermiddag har det vore problem fleire stader i landet, spesielt på dei mindre vegane.
Like etter klokka 16 køyrde ein buss av vegen og ned ein skråning i Røyse i Hole. Frykt for at bussen skulle rase vidare ned, gjorde at dei seks passasjerane ikkje fekk gå ut av bussen.
Det var elevar ved vidaregåande skule som var på veg mellom Hønefoss og Jevnaker som sat på bussen. Busselskapet Brakar skriv i ei pressemelding at bussen hadde kjetting, men sklei likevel av vegen.
Like etter klokka 17 bekrefta politiet at sjåføren og dei fem passasjerane var evakuert og uskadd. Vegen er nå opna att.
Passasjerane fekk ikkje gå ut av bussen før bergingsmannskap kom til staden.
Foto: Ole Edvin TangenVil ikkje overdramatisere
Det er altså tydeleg glatt på fleire vegar, men trafikkoperatøren fortel at hovudvegane på Austlandet stort sett er berre og våte etter at nedbøren gav seg i ettermiddag. På det indre vegnettet er det snødekt.
Både han og vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Espen Biseth Granan meiner du får ein langt meir behageleg tur til jobb i morgon enn du kanskje hadde i dag.
– Det vil bli noko kaldare og dei stadene det har vore plussgrader vil det kanskje fryse litt på. Samtidig er det ikkje grunn til å overdramatisere. Lokalt kan det bli litt trøblete, spesielt der det ha vore mykje vatn i vegen, men generelt blir det langt frå så vanskeleg som det har vore.
Blir skikkeleg vinterforhold
Dei neste dagane går vêret over til skikkeleg vinter i store delar av Sør-Noreg. Vinterforhold som meteorologen meiner nordmenn bør takle i januar.
– Nå blir det tilbake til normalt vintervêr. Folk må ta omsyn til at det er vinter, og ta dei forholdsreglane som gjeld. Temperaturen kjem til å ligge godt på minussida, og det blir vinterforhold som nordmenn bør klare å handtere, seier Granan..