Hytter er naturen sitt verste mareritt, meiner Johansen. For litt over to veker sidan gjekk han ut i ein artikkel i NRK med dette utspelet.
I etterkant har han fått inn over tusen støtteerklæringar frå folk i alle aldrar, seier han.
Johansen får støtte frå varaordførar Stine Akre (SV) i Trysil som las saka. I september gjekk ho ut i NRK og foreslo å tråkke på bremsen i Trysilfjellet.
– Me trenger eit mangfald av stemmer og at mange engasjerer seg. Veldig mange opplever nok at hyttebygging faktisk er den største faren for naturmangfaldet, seier ho.
Vil at fleire engasjerer seg
– Eg har blitt oversvømt av støtteerklæringar frå heile landet. Det er mange som meiner det same, men eg trur det er ein stor utfordring for folk å seie det høgt, seier Johansen.
– Kva tenker du om responsen du har fått?
– Det er veldig hyggeleg å høyre at eg ikkje er aleine. Det er mange som seier eg er modig, det ser eg på som eit symptom. Viss det er modig å seie det ein meiner, då har me eit større samfunnsproblem. Det burde vere sjølvsagt at ein skal kunne gjere det.
Tidlegare har han blitt beden om å halde kjeft når han har snakka negativt om hyttebygging. No har pipa fått ein annan lyd – og Johansen oppfordrar fleire til å engasjere seg.
– Desto fleire som engasjerer seg, desto lettare er det å sjå at fleire står for det same. Aleine blir eg ein liten stemme, men om alle som støtta meg hadde sagt det høgt, ville mitt vesle pip blitt eit brøl.
– Kva seier dei som har kontakta deg?
– Generelt seier folk at det er ille korleis det har blitt, at ein let kapital gå over andre verdiar og at nokon kommunar set ideen om konstant vekst føre trivsel og natur.
– Trenger mangfald av stemmer
Også Akre fekk mange positive tilbakemeldingar i etterkant.
– Inkludert frå mine eigne sambygdingar og frå hytteeigarar som også er opptekne av at me ikkje skal bygge ned meir natur, seier ho.
Rett nok opplevde ho også å få krass kritikk frå både utbyggarar, grunneigarar og andre.
– Eg fekk ein del relativt ubehageleg merksemd i sosiale medium. Å kritisere ein av bærebjelkane i lokalsamfunnet som hyttebygging representerer, og seie at no er det nok, det er ikkje så mykje rom for å meine det alltid.
Johansen meiner staten burde overta ansvaret for hyttebygginga. Det er ikkje Akre samd i.
– Denne kampen må me vinne lokalt. Arealforvaltning må ligge så nære folk som mogleg. Men kanskje me skulle hatt nasjonale retningslinjer på kor store hytter kan vere eller kor mykje utslepp dei kan ha.
– Burde vere langt meir restriktive
Miljøpartiet dei Grøne (MDG) er blant partia som ønsker meir statlege restriksjonar, mellom anna ved å innføre ein nasjonal maksgrense for hyttestorleik. Dei ønsker også å fortette allereie eksisterande område framfor å bygge nytt.
– Det er kommunar som allereie har innført ei maksgrense og hausta positive erfaringar med dette. Me har ikkje konkretisert eit tal for denne maksgrensa, men det er viktig for å redusere miljøavtrykket på hyttene, seier partileiar Arild Hermstad i MDG.
– Vil ikkje det vere ein stor inngripen i det lokale sjølvstyret?
– Heile vår hyttepolitikk er basert på at me er nøydd til å sette ned foten for vidare ekspansjon av hytter i Noreg. Norske kommunar har tillate for mykje allereie, det er ein stor trussel mot sårbar natur.
Han er ikkje negativ til tanken om å la staten overta ansvaret for hyttebygginga.
– I prinsippet tenker eg det ville løyst mykje. Då slepp ein at kommunane konkurrerer mot kvarandre om å legge ut nye område. Eg meiner likevel ikkje at staten skal ta frå kommunane all sjølvråderett på dette området, men staten burde ha langt strengare restriksjonar og vere tøffare med kommunane om kva som skal vere lov.
Hei!
Så bra du tok deg tid til å lese denne saka. For ei tid tilbake bad NRK om innspel på saker me burde lage. Fleire av de svarte hyttebygging og omsyn til naturen. Difor har me laga denne saka. Har du tips til noko anna me burde skrive om? Ta gjerne kontakt!